Vår Far

6. søndag i påsketida
Andakt av Øystein Skauge
Dagens tekst: Matt 6,7-13

7 Når dere ber, skal dere ikke ramse opp ord slik hedningene gjør; de tror de blir bønnhørt ved å bruke mange ord.  8 Vær ikke lik dem! For dere har en Far som vet hva dere trenger, før dere ber ham om det.  

9 Slik skal dere da be:
          Vår Far i himmelen!
          La navnet ditt helliges.
          10 La riket ditt komme.
          La viljen din skje på jorden slik som i himmelen.
          11 Gi oss i dag vårt daglige brød,
          12 og tilgi oss vår skyld,
          slik også vi tilgir våre skyldnere.
          13 Og la oss ikke komme i fristelse,
          men frels oss fra det onde.
          For riket er ditt og makten og æren i evighet.
          Amen.

Då eg var eit barn bad eg ofte min far om noko. Han var ein god far for meg. Han kunne gje det eg bad om. Han kunne avslå det eg bad om. Det nærmar seg 40 år sidan far døydde. Eg ber sjølvsagt ikkje han om noko meir.
Eg håpar sønene mine kan tenkje på meg som ein god far også. Som ein dei kan kome til og be om noko når dei treng dei. Dei er vaksne sjølve, og er fedre dei òg. Farfar gler seg over å sjå god kontakt mellom barneborn og far. Mellom barneborn og farfar. Men heile tida handlar det eg nemner her om noko internt. Eit indre anleggjande i familien. Ingen andre har eigentleg noko med korleis min far i si tid svara på det eg fann på å be han om. Heller ikkje korleis mine søner kom til meg, og kva eg svara dei.
Då er det veldig annleis med å be til Vår Far. For han er ein far eg ikkje deler berre med søstrene mine. Han er også far for mine born. Og for mine barneborn. Han er far for kona mi òg. For hennar slekt som er noko heilt anna enn mi slekt. Vår Far er far for så uendeleg mange. Han er kyrkja sin far. Han er den himmelske Far med ein bustad på ei adresse vi ikkje kan søkje opp i ei kartbok eller på Google Map.
I gudstenesta ber vi i lag til vår felles Far. Til vår Skapar. Til vår Herre. Når Herrens bøn er tema og preiketekst for ei gudsteneste, kan det vere veldig godt å starte med refleksjonar og tankar rundt dette at vi ber til han som er det sterkaste limet i vårt fellesskap. Han som er mykje meir enn ein familiefar, som kan opplevast slik eg heldigvis kan vitne om at min eigen far var. Men ein vanleg far kan også stå fram som den reine tyrann som kan øydeleggje eit farsbilete i generasjonar av etterkomarar.
Han som kyrkja over heile verda kallar for Vår Far, går uendeleg langt utanpå alle jordiske fedre. Det finst heller inga god mor, om ho er aldri så kjærleg mot borna sine, som har elska så høgt som Vår Far i himmelen.
Vår bror, Gud eigen son, Jesus frå Nasaret, har lært oss korleis vi skal snakke med Far på den aller beste måte. Korleis vi skal tiltale han. Det er likt på alle språk: Pater Noster på latin, Notre Père på fransk, Áhččámet på nordsamisk. Frå vår munn her i vest skal det lyde: Vår Far. Det er ei tiltale som når fram – heilt dit han har si adresse: «- i himmelen.»

Bøn for dagen
Himmelske Far, du høyrer bønene våre. Vi bed deg: Lat viljen din råda på jorda. Hjelp oss å stola på di omsorg og leggja alt fram for deg, så Kristus ved trua kan bu i hjarta våre, han som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.