Endeleg har Herdla kyrkje fått flaggstong

Erlend Bakke som er kyrkjetenar og kyrkjegardsbetjent viser stolt fram flaggstonga

Herdla sokneråd fatta i  februar 2010 vedtak om å sette opp flaggstong ved Herdla kyrkje.
Askøy kirkelige fellesråd har deretter vedteke å kjøpe  inn flaggstong og 2 flagg til Herdla kyrkje og påtok seg arbeidet med oppsett av flaggstonga. Målet var at den nye flaggstonga stod klar til 17. mai.
I dag – 27. april 2010 – er flaggstonga på plass. – Gratulerer!!

Arbeidet er utført av tilsette ved kyrkjegardane.