Pianokonsert i Erdal kirke tirsdag 4. september

PRESSEMELDING OM GRIEGKONKURRANSEN OG KONSERTTURNÉ I HORDALAND FYLKE

Den 16. Edvard Grieg Pianokonkurranse 2018
Frå 1. til 9. september 2018 vil 30 særs gode pianistar frå heile verda vera i Bergen for å delta i ”The Edvard Grieg International Piano Competition”.

I 2012 flytta den internasjonale pianokonkurransen ”Concours Grieg” frå Oslo til Bergen, og har sidan vore arrangert der i 2014 og 2016. Til årets konkurranse melde det seg heile 133 søkarar frå 36 land, og av desse er 30 deltakarar frå 18 land inviterte til Bergen for å tevla om førsteprisen på 30.000 euro. Samarbeidspartnarar er mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Griegakademiet og Troldhaugens Venner.

Regional konsertturné

Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen, men KODE – Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt.

Tysdag den 4. september kl. 19.00 vert det mogeleg å høyra eit utval av pianistane på konsertar på Kabuso i Øystese, i Erdal kyrkje på Askøy, i Knarvik kyrkje på Knarvik, i Oseana Kunst & Kultursenter i Os og i Valestrand Kulturkyrkje i Sveio. Konkurransen vil slik nå ut til heile regionen, og deltakarane får eit unikt høve til å oppleva eineståande natur og kultur i Bergen og Hordaland, og samstundes ta del i den rike musikkarven i regionen.

Hovudsponsor for konkurransen er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen.