Griegkonkurranse og pianokonsert i Erdal

flickr piano

Frå 3. til 10. september 2016 vil 30 særs gode pianistar frå heile verda vera i Bergen for å delta i ”The Edvard Grieg International Piano Competition”. Den 6. september held eit utval av dei pianokonsert i Erdal kyrkje kl. 19.00.

Den 15. Edvard Grieg Pianokonkurranse vert i 2016 i Bergen. I 2012 flytta den internasjonale pianokonkurransen ”Concours Grieg” frå Oslo til Bergen, og arrangementet blei vurdert som særs vellykka. Til årets konkurranse melde det seg heile 130 søkarar, og av desse er 30 inviterte til Bergen for å tevla om den gjeve førsteprisen på 30.000 euro.
Samarbeidspartnarar er mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Griegakademiet og Troldhaugens Venner.

Regional konsertturné
Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen, men Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt.

Tysdag den 6. september vert det mogeleg å høyra eit utval av pianistane på konsertar på Kabuso i Øystese, i Erdal kirke på Askøy, i Nordgardsløa på Frekhaug og i Valestrand Kulturkyrkje i Sveio.

I Erdal kyrkje vert konserten 6.september kl. 19.00

Konkurransen vil slik nå ut til heile regionen, og deltakarane får eit unikt høve til å oppleva eineståande natur og kultur i Bergen og Hordaland, og samstundes ta del i den rike musikkarven i regionen.

Hovudsponsor for konkurransen er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen.

Under 18 år gratis. Voksne kr. 150,-.