Open kyrkje på Herdla

Glasmåleriet i dåpssakrestiet i Herdla kyrkje. Kunstnar: Per Odd Aarrestad 2015

Herdla kyrkje er open kvar søndag i juli mellom kl 15.00 og 18.00
Les meir her: OPEN KYRKJE (plakat fra 2013)

Her kan du gå inn og ha ei stille stund for deg sjølv.  Du kan tenne eit lys for ein kjær som er gått bort. Du kan gå på oppdagingsferd i den flotte historiske katedralen.

Litt historie om Herdla kyrkje.
1146 Den første kyrkja stod her. Ho var lita og hadde ikkje tårn.
1861 Ein storm øydela kyrkja.
1863 Den noverande kyrkja vart bygd utanpå den gamle.
1934 Kyrkja brann, berre murane stod att.
1935 Kyrkja vart innvigd på nytt
1941-1945 Tyskarane øydela kyrkja og brukte henne til lager.
1951 Enno ein gong vart kyrkja innvigd.
2013 150-års jubileum

Du finn meir om dette i brosjyrar i våpenhuset.