Pilegrimsvandring mot Herdla kyrkje


Herdla kyrkjelyd inviterer til klimapilegrimsvandring mot Herdla kyrkje laurdag 17. juni.

Heile vandringa er om lag 9 kilometer, med start ved Fauskanger skule kl. 10.00. Det vil òg vera mogleg å slutta seg til vandringa på Skråmestø. Terrenget vekslar mellom det som er lett å gå og nokre strekningar som er noko meir krevjande.

Undervegs nyttar vi det opplegget for klimapilegrims- vandring som finst tilgjengeleg. Vi ynskjer å sette søkjelys på dei store og alvorlege klimautfordringane som vi står ovanfor. Vandringa vert avslutta i Herdla kyrkje.

Ta med deg niste, og kle deg etter tilhøva. For nærare informasjon kan du ringe 995 86 948.

Vonar du òg vil vera med å gå klimapilegrim!

Tilbake