Takk til streaming-teamet


Tusen takk til det fantastiske stream-teamet som har stått på som heltar dei siste månadane!

 

Denne gjengen har stod i går på i 12 timar for å streama ikkje mindre enn 5 gudstenester i 3 ulike kyrkjer på Askøy. Og det er berre siste helgs innsats. I løpet av januar og februar har eit utal gudstenester i alle kyrkjene på Askøy blitt streama, så kyrkjefolk har fått høyra Guds ord og salmar, og konfirmantar har blitt presentert så foreldre og alle andre kunne få sjå det heima. Det betyr enormt mykje for mange.

Me bøyer oss i støvet for innsatsen, engasjementet, kvaliteten i arbeidet og stå-på-viljen.

Utan dei frivillige i kyrkjelydane våre hadde me på ingen måte fått til alt det digitale kyrkjene har gjort sidan mars i fjor. Me er så takksame for alle frivillige som er med for å gje Askøy gudstenester sjølv når me ikkje kan møtast som normalt.

Tusen takk og stor applaus til dykk!

Tilbake