Andakt for 4. s. i advent

Carl Heinrich Bloch: Maria og Elisabet

4. søndag i advent
Andakt av: Øystein Skauge

MED NÅDEN OG FRELSA I SINE MORSLIV

Dagens preiketekst: Lukas 1-39-45

 Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

 Elisabet og Maria. Slektningar. Ei ung, og ei kvinne ”langt oppi åra” (Luk.1,7). Men begge i det som vi med høgtidelege ord kallar ”velsigna omstende”. Dei venta søner begge to. Ingen moderne ultralydundersøking hadde avslørt løyndomen om det vart gut eller jente. Avsløringa kom frå Gabriel. Og han hadde det frå høgste hald. Frå livgjevaren sjølv. Skaparen. Gud Fader. Og begge visste til og med namnet på borna dei bar på: Johannes = Gud er nådig. Jesus = Herren frelser.
Tekstordet på søndag er om eit kvinnemøte. Men det anar meg at det var eit møte som likevel var ulikt det som kvinner flest har føre seg når dei treffest. Jau då, dei snakkar sikkert om born og om svangerskap i dag også. Kvinnene mellom oss kan nok gje oss utfyllande informasjon om dette. Men Marias og Elisabets møte var noko meir. Noko anna enn det som spente, ventande foreldre snakkar om og gler seg til når dei kjenner fosteret sparkar og signaliser at ”Snart kjem eg til dykk.”
Dei fleste ventande foreldre kjenner lukkerus i slike stunder. Elisabet kjende ein annan rus når ho ser Maria: ”Ho vart fylt av Den heilage ande og ropa høgt: -Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv”
Og så tala den aldrande, svangre kvinna profetisk, for ho kallar den yngre slektningen ”-mor til Herren min”. Slik talar ho som i sitt morsliv ber på han som av Jesus seinare får denne attesten: ”Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større, enn døyparen Johannes” (Matt.11,11)
Eit møte mellom kvinner. Men kvinner som tala uvanlege ord om eit veldig vanleg tema. For kvinnene var utvalde. Velsigna av Gud sjølv til å innta sine plassar i Guds plan for å frelsa verda. .Dei bar på nåden og frelsa under sine hjarto: Johannes = Gud er nådig og Jesus = Herren frelser.
Snart skulle ho føde, Elisabet. Ho skulle føde guten med namnet nåde. Han som vaks til mannen som møtte unåde. Hovudet hans vart til slutt servert på fat i eit vanstyrt kongehus. Han som rydja vegen for slektningen sin. For Jesus. For frelsa.
I Elisabets hus var Maria lukkeleg. Herrens tenestekvinne. Men sverdet  skulle stikkast i hennar sjel. (Luk.2,35). Ho skulle kome til å gråte tunge tårer ved ein kross nokre og tretti år seinare.
Men der og då: I fjellbygdene i Juda, i Elisabets hus, prestebustaden for henne og Sakarja, og kan hende med den stumme presten Sakarja som tilhøyrar i ein krok i huset, der var det glede og jubel i kvinneleg lag,

To glade kvinner i Herrens teneste. Med nåden og frelsa i sine morsliv. Dette var deira gåve til ei heil menneskeslekt. Å bere Guds under inn i vår verd.

 BØN FOR DAGEN Evige Gud, vi takkar deg fordi du har sendt profetar og bodberarar til å vitna om Son din Jesus Kristus. Gjev oss nåde til å ta imot deira vitnemål i tru, så vi saman med dei kan gje Frelsaren ære og halda ei heilag høgtid i kyrkja di for fødedagen hans, han som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve.