Gå seg vill og vegen tilbake

5. søndag i treeiningstida
Andakt av Michal Møgster
Dagens tekst: Matt 18,12-18

12 Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar? 13 Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill. 14 Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt. 15 Syndar bror din mot deg, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din. 16 Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak vera avgjord. 17 Høyrer han ikkje på dei, så sei det til forsamlinga. Men vil han ikkje høyra på forsamlinga heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.
   
18 Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.

Det er i det minste ein likskap mellom vestlandet og det landskapet Jesus ferdast i. Begge to er karrige. Her trivst sauen og vi med den. Vi er vane med sauen og vi er også trygge på sauen. Hjå oss har sauebonden ofte sauene på fjellbeite, og stendig er han oppe og ser etter dei. Han steller godt med dei. Han vil at dei skal ha det bra oppe i fjellheimen. Men alltid er det nokon som kjem bort av ulike grunnar. Som ein sa: Det verste er å ikkje vite.

Mange timar blir brukt, og store område gjennomtråla for å finne den eine. Sauemetaforen synest å vere forståeleg gjennom alle tider og til alle stadar. Fortellinga om dei nittini og den eine, som då samanlagt blir hundre, er eit kjærkome stoff for dei som forkynner til barn og unge. Men eg har inga god kjensle overfor det at dei nittini her blir overlatne til seg sjølve. Det er jo den gode gjetaren det er tale om her – så vi må gå utifrå at dei nittini er i trygge hender. Sjølv om gjetaren i eigen person er borte. Den eine som her har gått seg vill, blir leita etter. Kva tid leiteaksjonen er over, står det ikkje noko om. Blir han funnen, så er gleda over det større enn over dei nittini som er tilbake og som er trygge der dei er.

Jesus forlet no metaforen og blir konkret. Korleis skal ein då halde seg til nokon som har, på ulike vis kome bort frå Han. For det første er alt dette bore oppe av at ein skal vise omsorg for den eine det gjeld. No er det slik at dette som Jesus her føreskriv, ikkje kan fungere i ein folkekyrkjelyd som består av menneske, riktig nok døypte, men med ei svært ulik innstilling til Kristus og den gudstenestefeirande kyrkjelyden.

Aller først må vi begynne med oss sjølve, der vi er, og med det vi berer på av ulike ting. Be om Andens opplysning til å sjå både synda og han som ber verda si synd. Få legge alt over på Han. Det å gå vidare i dette, kan ha sine omkostningar. Vi held enkeltmennesket sin fridom og sjølvstende høgt. Det er – for å seie det mildt, nokså ubehageleg å gå inn i desse prosedyrane for irettesetting og eksklusjon. Kva gjer oss rett til å blande oss inn i andre sitt privatliv, får vi høyre. Jo, det at ein har omsorg for den eine med tanke på æva. Ser den eine og brukar tid på den eine.

I og med at dei fleste autoritetar er kraftig nedjekka og at ovanfrå og nedtale stort sett gjer det meste verre, er det viktig at ein har ein god kommunikasjonsplattform og at den ein står overfor må merke at ein vil denne eine vel på alle måtar. Det er sjeldan at slike ting er svart kvitt. Samtalens veg er den vegen ein må gå på her. Det finst ingen annan måte å gjere dette på i våre samanhengar.

Men når det har kome til eit nivå som inneber forarging i kyrkjelyds samanheng, kan ein ikkje rekne med å bli spurt så mykje om å ta på seg oppgåver i kyrkjelyden. Blir det vedkjent og endra på, kan ein kome tilbake, men kanskje ikkje heilt i alt. For det har med personleg karakter og tillit å gjere. Alle vil vi rette opp att skaden og forsonast med eit menneske ein har krenka eller blitt krenka av – så langt det er mulig. Framfor alt vil eg på djupet av mi sjel ønskt å bli funne av Den gode gjetaren og bli boren tilbake dit eg høyrer heime.

Bøn for dagen
Gud, du sende profetane til å vitna og forkynna din vilje. Vi bed deg: Lat kyrkja vera sannings røyst i verda. Vern oss mot falske røyster og forførande ord, så vi kan stå fast i trua på din nåde, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.