Å leve etter Guds vilje

Maria Bodskapsdag
Dagens tekst: Luk 1,39-45
Andakt av Ingrid M. Petersen

39 Noen dager senere dro Maria av sted og skyndte seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40 hvor Sakarja bodde. Der gikk hun inn til Elisabet og hilste på henne. 41 Da Elisabet hørte Marias hilsen, sparket barnet i magen hennes. Hun ble fylt av Den hellige ånd 42 og ropte høyt: «Velsignet er du blant kvinner, og velsignet er frukten i ditt morsliv. 43 Men hvordan kan det skje at min Herres mor kommer til meg? 44 For da lyden av din hilsen nådde øret mitt, sparket barnet i magen min av fryd. 45 Og salig er hun som trodde, for det som Herren har sagt henne, skal gå i oppfyllelse.»

Me tenkjer ikkje så ofte over kva Maria gjennomgjekk. For oss er Maria ganske enkelt Jesu mor. Det er vanskeleg å sjå føre seg noko anna. Men for Maria sjølv, var ho jo berre Maria. Ei vanleg jente med vanlege framtidsdraumar. Ho håpte sikkert at ho og Josef kom til å ha det fint saman, og på eit problemlaust liv. Men ho fekk englebesøk. Og bodskapen var: Du skal bli mor – og ikkje til kven som helst – til Guds eigen son!
Maria får vita kor stort dette er, og at det er Guds vilje og Guds plan ho blir med på. Men likevel, for eit mot! Ho må ha vore redd. Det er ikkje rart at ho reiser til Elisabeth og søker trøyst hjå ho. For ho skjøna at dette ikkje ville bli enkelt – sjølv om det var Guds plan. Ho kunne bli steina for graviditeten. Ho kunne bli utstøytt av familien og Josef. Ho måtte sjå sonen bli torturert og drepen. Det kosta med andre ord enormt mykje å svara engelen med «ja».
Denne dobbelheita er attkjenneleg. Me ynskjer å tru på og følgja Jesus. Likevel er det vanskeleg å meina det når me ber «la din vilje skje». For kva er Gud truande til å finna på? På eit overordna plan vil me at Guds vilje skal skje. Han er jo Gud! Han veit best. Men viss Guds vilje skulle koma til å involvera oss – er me då like sikre på at me vil det? Det kan vera freistande å stilla seg på sidelinja, og håpa at Guds plan kan skje utan at det rører ved oss i særleg grad.
Dette verkar kanskje litt lite relevant, for ingen av oss forventar vel eigentleg englebesøk med oppdrag frå Gud. Men me må likevel forholda oss til å følgja Guds vilje eller ikkje.
Bibelen lærer oss mykje om Guds vilje: Å be for kvarandre, dela av goda våre, ta oss av andre, sjølv dei me ikkje likar, reisa oss på vegne av dei svake, kjempa for det som er rett, ta vare på jorda, fortelja folk om Jesus og visa Guds kjærleik til alle.
Dette er berre eit utdrag. Men når me lurar på korleis me skal leva, og trur at Guds vilje er best, så kan me trass manglande englebesøk, byrja her og vita at då følgjer me Jesus. Det kan kosta. Vera flaut, vanskeleg, tungt og ubehageleg. Men det er verdt det. Trass det Maria måtte gjennomgå, førte hennar «ja» til at Jesus kom til verda og frelste oss. Guds planar er alltid til det gode, sjølv om det kanskje viser best i ettertid. Maria turde. Og det same håpar eg me tør.

Bøn for dagen Unders Gud, du lét Son din bli menneske, unnfanga ved Den heilage ande. Vi bed deg: Gje oss slik tru som Maria hadde, og gjer oss modige som henne, så vi kan gjera din vilje i kjærleik, og lovsyngja deg, ved Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen