Eit selskap av ei anna verd

2. søndag i fastetida
Dagens tekst: Luk 13,22-30
Andakt av Kristin Hjertaker

22 På reisen til Jerusalem dro Jesus fra by til by og fra landsby til landsby og underviste. 23 Da var det en som spurte: «Herre, er det få som blir frelst?» Han sa til dem: 24 «Kjemp for å komme inn gjennom den trange døren! For jeg sier dere: Mange skal forsøke å komme inn, men ikke klare det. 25 Når husherren først har reist seg og lukket døren og dere blir stående utenfor og banker på og sier: ‘Herre, lukk opp for oss’, da skal han svare: ‘Jeg vet ikke hvor dere er fra.’ 26 Da vil dere si: ‘Vi har jo spist og drukket sammen med deg, og du har undervist på gatene våre.’ 27 Men han skal svare: ‘Jeg vet ikke hvor dere er fra. Bort fra meg, alle dere som gjør urett!’ 28 Der skal dere gråte og skjære tenner når dere ser Abraham og Isak og Jakob og alle profetene i Guds rike mens dere selv blir kastet utenfor. 29 Fra øst og vest og fra nord og sør skal mennesker komme og sitte til bords i Guds rike. 30 Da skal noen som er de siste, bli de første, og noen som er de første, bli de siste.»

Har du sett filmen eller teaterstykket Babettes gjestebod? Den gamle forteljinga av Karen Blixen har rørt fleire generasjonar. Vanlege folk i enkle kår får ein smak av ei anna verd gjennom eit fantastisk måltid, laga til av ei kvinne som kom utanfrå, og som viste seg å vera ein framifrå kokk frå Paris. Ho tryllar fram dei herlegaste rettar, og etter kvart vert gjestene rundt bordet gradvis forvandla; av maten og vinen, av fellesskapet, av matmirakelet som har nådd dei på underfullt vis, i ei lita bygd langt, langt mot nord.
Overdådige gjestebod er ikkje det me først og fremst tenkjer på i fastetida, som me no er inne i. Tvert imot. Faste handlar tradisjonelt om å velja bort mat eller andre gode for ein periode, gjerne for å fokusera meir på det åndelege; på bøn eller arbeid for menneske som lid.
I bibelteksten for 2. søndag i fastetida får Jesus spørsmålet «Er det få som blir frelste?» Han svarer verken ja eller nei på dette spørsmålet. I staden skildrar han ein situasjon som kan likna eit gjestebod, der ein husherre avviser nokon som meiner dei har krav på å få koma inn. Dei viser til bakgrunnen sin og at dei har vore saman med husherren i ulike samanhengar, men det er tydelegvis ikkje nok for å få innpass.
Betyr dette at det er vanskeleg eller uråd å koma inn i Guds rike? Nei, ikkje når me ser på samanhengen teksten står i. På den eine sida kan Jesu ord somme tider verka krasse overfor dei som sjølve trur at dei er rettferdige eller betre enn andre, dei som er opptekne av lover og påbod. Dei som ikkje ser menneska som treng hjelp og står rett framfor dei. Jesus kallar dei for hyklarar, og dei blir naturleg nok provoserte. På den andre sida ser me gjennom evangeliet korleis Jesus møter born og vaksne som treng hjelp eller som ikkje er verdsette av fellesskapet av ulike årsaker. Han viser dei nåde og kjærleik og set menneske fri.
Mot slutten av teksten seier Jesus at menneske skal koma frå aust og vest og frå nord og sør og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste. Plasseringa handlar ikkje om arv, sosial bakgrunn eller forteneste, men om relasjonen til verten. Det er eit gjestebod av ei anna verd, med ein annan logikk, noko å undra seg over i fastetida.

Bøn for dagen
Uransakelege Gud, du ser livet vårt og kampane våre. Vi bed deg: Gje oss ei uthaldande tru, så vi aldri slepper deg, men ventar på di velsigning, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.