Med Jesus til Golgata

36 Så kom Jesus sammen med disiplene til et sted som heter Getsemane, og han sa til dem: «Sett dere her mens jeg går dit bort og ber.» 37 Han tok med seg Peter og de to Sebedeus-sønnene, og han ble grepet av sorg og gru. 38 Da sa han til dem: « Min sjel er tynget til døden av sorg. Bli her og våk med meg!» 39 Han gikk fram et lite stykke, kastet seg ned med ansiktet mot jorden og ba: «Min Far! Er det mulig, så la dette begeret gå meg forbi. Men ikke som jeg vil, bare som du vil.» 40 Da han kom tilbake til disiplene og fant dem sovende, sa han til Peter: «Så klarte dere ikke å våke med meg en eneste time? 41 Våk og be om at dere ikke må komme i fristelse! Ånden er villig, men kroppen er svak.» 42 Igjen, for andre gang, gikk han bort og ba: «Min Far! Om ikke dette begeret kan gå forbi meg, og jeg må drikke det, så la viljen din skje.» 43 Da han kom tilbake, fant han dem igjen sovende, for øynene deres var tunge av søvn. 44 Nå forlot han dem og gikk på ny bort og ba den samme bønnen for tredje gang. 45 Så kom han tilbake til disiplene og sa: «Dere sover og hviler fremdeles? Nå er stunden kommet da Menneskesønnen skal overgis i synderhender.

Tradisjonar har vore bærebjelkar i vår norske kultur. Tradisjonar er viktige for å skapa tryggleik og gje generasjonar hjelp til å navigera på livsvegen. Utan tradisjonar blir ein lett usikker og det skaper igjen uro i oss og mellom oss. Vi kan gjerne minna kvarandre om å ta vare på gode tradisjonar både i heim og samfunn.
Kyrkjeåret er ein gamal tradisjon som det er all grunn til å ta vare på. Gjennom årtusen har vi her grunnleggjande stabbesteinar for folk og land. Her møter vi fasane i Jesu livsverk med høgdepunkt i dei tre store høgtidene – jul, påske og pinse. Kyrkjeåret byggjer på ein genial pedagogikk som gir oss heile den kristne læra gjennom eit år. Både kyrkje og forsamling har her ein unik skatt som ein ikkje må sløsa bort. Kyrkjeåret med forkynninga av heile Jesu liv, hans virke, hans død og oppstode, er ein bærekraftig arv også for framtida.
Vi har nå begynt på ein viktig fase i kyrkjeåret. Fastetida har i generasjonar formidla bibelske sanningar som peikar som fyrlys for oss på kva kristendom eigentleg dreier seg om. Heime hos oss har vi ein fast fastetradisjon. Ved sida av å lesa fastetekstar frå Bibelen, les vi høgt frå ei mest hundreår gamal andaktsbok, Med ham til Golgata. Boka blei først utgitt i 1934, og er skriven av ein av Indremisjonsselskapets store gamle leiarar, Fredrik Wisløff. Fastetida er å følgja Jesus til Golgata.
Når begynte Jesu liding, er opningsspørsmålet i boka. I svaret viser forfattaren til at heile Jesu liv på vår syndige jord var ei liding for Guds heilage son. Det starta i æva då Faderen bad Sonen ta på seg frelsesoppdraget. Men så held han fram: I eigentleg forstand kan vi setja Kedronbekken som grenseskiljet. Denne vesle bekken i Jerusalem – tørrlagt store deler av året, marker ein heilt ny lidingsfase i Jesu liv.
I dag – første søndag i faste har Jesus nettopp gått over Kedronbekken med læresveinane sine. Dei er komne til Getsemanehagen. Her etterlet han dei fleste. Han tok berre med seg Peter, Jakob og Johannes lenger inn, før han også let dei stoppa, og gjekk så åleine litt lenger fram. Her var han i angstfull bønn til Gud.
Jesu bønnekamp i Getsemane fortel oss mykje om at Guds son si liding var reell. «Han vart gripen av sorg og gru», les vi i teksta. Han var sorgtyngd til døden, og bad sine om hjelp og støtte i bøn. Men dei sovna. Han måtte kjempa lidingskampen åleine. La ikkje fastetida gå deg forbi. Set av tid og rom til å følgja Jesus til Golgata. Her får du stadfesta på ny kva Guds frelse har kosta Guds heilage. Det gjev deg og dine ein grunn å stå på og ein kurs å følgja. Velsigna fastetid.

Bøn for dagen
Herre Jesus Kristus, du heldt ut i alle freistingar og sigra i kampen mot den vonde. Vi bed deg: Lær oss i denne fastetida å leva av ordet ditt, så vi vender oss bort frå all vondskap og følgjer deg, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.