Djup Djupare Djupast – i Gud

Kristi forklåringsdag
Andakt av Åge Sætre
Dagens tekst: Luk 9,28-36

28 Omkring åtte dager etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gikk opp i fjellet for å be. 29 Og mens han ba, fikk ansiktet hans et annet utseende, og klærne ble blendende hvite. 30 Med ett sto det to menn og snakket med ham; det var Moses og Elia. 31 De viste seg i herlighet og talte om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføre i Jerusalem. 32 Peter og de andre hadde falt i dyp søvn. Nå våknet de og fikk se hans herlighet og de to mennene som sto sammen med ham. 33 Da mennene skulle til å forlate ham, sa Peter til Jesus: «Mester, det er godt at vi er her. La oss bygge tre hytter, en til deg, en til Moses og en til Elia» – han visste ikke selv hva han sa. 34 Mens han talte, kom det en sky og skygget over dem, og da de kom inn i skyen, ble de grepet av frykt. 35 Det lød en røst fra skyen: «Dette er min Sønn, den utvalgte. Hør ham!» 36 Og da røsten lød, var det ingen annen å se, bare Jesus. Disiplene tidde med dette. På den tiden fortalte de ikke til noen hva de hadde sett.

DJUP – Tre læresveinar saman med Jesus på eit fjell. Dei sovna … Men blei reven opp frå søvnen av ein himmelstrålande Jesus. To menn var med han. Det måtte visst vere … ja … sjølvaste Moses og … erkeprofeten Elias! (2 Pet 1,16-18).
Den himmelske trioen på fjellet løyner store historiske djupner. Moses blei leiar for det folket som alt frå Abrahams tid blei kalla å bli til velsigning for alle folk. Moses førde dei ut frå slaveriet i Egypt og innvigde dei høgtideleg til Guds folk ved Sinai.
Profeten Elias heldt seg alltid til orda frå Herren. Han var den einaste profeten som fekk oppleve å sleppe døden ved å bli teken lekamleg opp til himmelen. Difor var han venta å vera til stades ved Messias sitt kome, hovudmålet for alle profetiar i Guds to tusenårige reisefylgje, med trøyst og tukt. Dette faste fylgje viser at han er den verkelege Gud og Skapar (Jes 46,9). For ingen har på den måten vist seg som han, tydeleg, underfull og trufast, i eit folks lange historie. Hendinga på fjellet peikar slik tilbake på truverdet av profetordet (2 Pet 1,19).

DJUPARE – Den sterke lysglansen frå Jesu andlet og klede peikar på han som Guds evige Son og Messias, noko som Peter hadde fått tru og vedkjenne like før. Lik mange profetiar om Messias. Dette blei på fjellet stadfesta med ein mektig stemme frå himmelen: Dette er Son min, den utvalde. Høyr han! Er det sant, er det ingen som kan måle seg med han som vår Frelsar – med evige djupner, høgde og breidde i seg. Då er det verkeleg grunn til å kjenne djupet av han og hans kall. Slik mange har gjort. Du og?

DJUPAST – Kunne dei kome fram til noko djupare og høgare no? Peter synest visst at det var nok. For, litt omtumla av alt som hende, spurde han om dei kunne byggje tre hytter til dei tre: Var himmelen kome til jord alt no … ? Då vart det brått sceneskifte med ei skremmande oppleving av eit høgheilagt nærvær. Røysta lydde, medan dei såg berre Jesus åleine: Høyr han!
Læresveinane hadde lukka øyrene for det Jesus sa om krossen. Men Moses og Elias samtalte om det med Jesus. For – først på krossen finn du dei djupaste djup i Gud. Djupet i hans kjærleik. Krossen fortel oss om djupa i vår synd som er overvunne av Jesu sonoffer. I den krossfeste har du ein som opnar opp for alle gode djup under alle forhold, i tid og æve. Ta imot han!

Dagens bøn Heilage Gud, du openberra din herlegdom i Jesus Kristus. Vi bed deg: Hjelp oss å søkja dei djupe mysteria i vår tru, så vi kan sjå deg i Jesu Kristi andlet, han som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.