«For mine augo har sett di frelse»

Romjulssøndag
Andakt av Michal Møgster
Dagens tekst: Luk 2,25-35

I Jerusalem bodde det en mann som het Simeon. Han var rettskaffen og gudfryktig og ventet på Israels trøst. Den hellige ånd var over ham, og Ånden hadde latt ham få vite at han ikke skulle se døden før han hadde sett Herrens salvede. Nå kom han til tempelet, ledet av Ånden. Og da Jesu foreldre kom med barnet for å gjøre med ham som skikken var etter loven, tok Simeon barnet opp i armene sine. Han lovpriste Gud og sa: Simeons lovsang «Herre, nå lar du din tjener fare herfra i fred, slik som du har lovet. For mine øyne har sett din frelse, som du har gjort i stand like for ansiktet på alle folk, et lys til åpenbaring for hedningene og ditt folk Israel til ære.» Hans far og mor undret seg over det som ble sagt om ham.Og Simeon velsignet dem og sa til hans mor Maria: «Se, han er satt til fall og oppreisning for mange i Israel, og til et tegn som blir motsagt – ja, også gjennom din egen sjel skal det gå et sverd. Slik skal de tankene mange bærer i hjertet, komme for dagen.»

Bak oss har vi høgtida framfor alle høgtider. Han som er «Gud av Gud, ljos av ljos», samstundes som Han er ein av oss, har kome inn i vår verd. Josef og Maria, som dei fromme menneska dei er, vil bera fram Jesusbarnet i tempelet, slik lova sa.

Det er tydeleg at dei er småkårsfolk, tilhøyre dei fattige, som dei aller fleste gjorde. Dei ofrar minimums varianten, to dueungar. I det dei kjem opp til tempelet møter dei på ein mann, som tar barnet i armane sine. Han heitte Simeon og var ein gudfryktig og rettvis mann, som det står. Han hadde fått den vissa, ved Den Heilage Ande, at han skulle få leve til han hadde sett den salva, han som profetiane peikte fram mot og på. No får han både sjå Han og halde han i sine armar. Då bryt lovsangen og takka til Gud ut, i det som vi kallar Simeons lovsong. No har han sett det eine nødvendige, no kan han «fara herifrå i fred». Med andre ord, døy.

Grunnlaget for dette ligg i, som han seie vidare, «for mine augo har sett di frelse.» Vi har gjennom julehøgtida fått presentert og løfta opp for oss Han som er det sanne ljoset for verda. Han som no er komen til oss som ein av oss. Samstundes er det så mykje anna som vil ha merksemda vår. Det er så mykje blendande fint å sjå og høyre.

Simeon i tempelet hadde sannsynlegvis ikkje sett og høyrt så mykje. Men no hadde han fått den vissa at Han skulle få sjå Han som er den eine, den nødvendige. Sjå, i den forstand at han er det som er og vera skal som eit indre syn i møte med alt anna som ein kan sjå.

No er det slik at ei generell dragning mot alt som er vakkert og spektakulært, kan og stå i veien for synet av Han som kom og er. Simeon var oppteken og i sitt liv innretta på dette å få sjå Han som i seg sjølv er det eine nødvendige. Han var nok ikkje fokusert på stadig nye og store åndelige erfaringar, men for Han i hans situasjon var fokuset på han som skulle komme. Lovnaden vart oppfylt – ja, meir enn det. Han fekk halde Han, som i seg sjølv er oppfyllinga av profetiane, i sine armar. Då hadde han sett tilstrekkelig til å kunne fara herifrå

Krybben
Alt har du gitt oss Herre
livet er i din hånd
Kjærlighet er ditt vesen
lys og forklaret ånd

Barnet det krybbefødte
gav du oss og ditt ord
Nåden og kjærligheten
over ditt alterbord

Menneskebarnet leter
etter de vises sten
Herren har alt i hånden
Herre vår Gud er en

Herlige natt som gav oss
Gud og Hans kjærlighet
Ordet det krybbefødte
Ordet fra evighet

Sjel du er funnet verdig
Himlen har åpnet seg
Hellige natt på jorden
hellig er Herrens vei

Arnold Eidslott

Bøn for dagen
Nådige Gud, du lét Son din bli eit sårbart menneske. Vi bed deg: Trøyst oss lik ei kjærleg mor som tek seg av sine. Vern alle som er på flukt og lat oss sjå fridomen og frelsa i Jesus Kristus, han som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.