Lys Vaken på Herdla 1. og 2. desember

 Til helga er alle 6. klassingar i Herdla sokn velkomne til å overnatte i kyrkja på Herdla.

Det vil bli leik, mat, aktivitetar og førebuing til gudstenesta den 2. des. Vi startar kl. 16.00 på lørdag 1. des., og avsluttar med gudstenesta søndag 2. des. Då blir det adventsgudsteneste med utdeling av bok til fireåringane. Alle er velkomne på kyrkjekaffi. Lys vaken er slutt etter gudstenesta og kaffien.

Påmelding til bergljot.gjedrem@kirken-askoy.no

Sjå lenke under:

INVITASJON