«Det er eg, ver ikkje redde»

25. søndag i treeiningstida
Andakt av Øystein Skauge

 Dagens tekst (Matt 14,22-24): 22 Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket. 23 Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be.
Då det leid til kvelds, var han der åleine.
 24 Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot. 25 Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. 26 Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei gripne av redsle. «Det er eit gjenferd!» sa dei og var så redde at dei skreik. 27 Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»
 28 Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» 29 «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. 30 Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» 31 Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?» 32 Så steig dei opp i båten, og vinden stilna. 33 Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!» 34 Då dei kom over sjøen, la dei til lands i Gennesaret.

 

«Det er eg, ver ikkje redde»

Jesus var i fjellet. Han hadde nett metta dei fem tusen med fem brød og to fiskar. Han hadde sendt den mette folkemengda heim att. Han hadde sendt læresveinane i båt for at dei skulle dra i førevegen over Genesaretsjøen. Sjølv drog Jesus til fjells for å vere åleine. For å be.

Mens han bad vart det natt. Det vart mørkt. Det vart vind. Det vart bølgjer, og læresvenne rodde. I motvind. Tunge åretak. Vatn slo over ripa. Kulde og uhygge. Så kom den fjerde nattevakta. Den tunge tida mellom kl. 03:00 og kl. 06:00. Då søv dei fleste tungt. Men i båten kunne dei ikkje sove. Bølgjene var for tunge. Mørkret var for djupt. Vinden var for skremmande.

Då kom Jesus. Spaserande i bølgjene som om han gjekk tur på ei brulagd gate inne i byen. Han steig ned frå fjellet. Ut or einsemda. Han hadde sagt sitt amen i bønestunda. No kom han til hjelp i det som var trugande. «Ver ved godt mot! Det er eg. Ver ikkje redde!»

Peter var ved meir enn godt mot. Han var full av overmot. Han spurde Jesus om ikkje også han kunne gå på vatnet. «Kom!» sa Jesus til Peter. Peter tok Jesus på ordet. Men han sokk. Han var «lite truande», som Jesus kalla han for. Han var ein tvilar. Likevel tok han Jesus på ordet. Peter prøvde å trasse naturen. Det er lite lurt for eit vanleg menneske. Ikkje om det er på invitasjon frå Jesus sjølv ein gong.

Jesus er herre over naturen. Han er sterkare enn vinden. Han får bølgjer til å leggje seg. Men vi menneske er underlagt naturlovene. Peter fekk teste dei ut. Han var ikkje Jesus. Han hadde ikkje dei guddommelege evnene. Men han var i Jesu nærleik. Jesus høyrde ropet frå han som var i ferd med å gå under: «Herre, berg meg!» Jesus rakte ut handa og berga den overmodige, men likevel tvilande læresveinen. Jesus steig om bord i båten. Vinden stilna.

Dei gjekk i ein spesiell skule, desse tolv nære venene til Jesus. Denne dagen hadde dei vore i lag med meisteren, og han lærte dei ei lekse om guddommelege krefter som kunne oppheve naturlover. 5000 vart mette av nesten ingen ting. Tolv menn såg at han trassa tyngdelov og naturlov og meteorologi. Sjøen la seg. Vinden stilna.

«Det er eg, ver ikkje redde». Sannleg – også vi skal merke oss det vi les og høyer. Også vi skal bøye oss for underet. «Du er sanneleg Guds son!»

Bøn for dagen: Jesus Kristus, vår Frelsar, du ser oss når vi er i naud og fare. Vi bed deg: Hjelp oss når livet blir truga, så vi kan stola på di makt, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.