Den rike mannen og Lasarus

21. søndag i treeiningstida
Andakt av Harald Gjøsæter

Dagens tekst (Luk 16,19-31): 19 Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag. 20 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utanfor porten hans, full av verkjesår. 21 Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans.
 22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. 23 Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han. 24 Då ropa han: ‘Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan dyppa fingertuppen i vatn og kjøla tunga mi. For eg lid så vondt i denne elden.’ 25 Abraham svara: ‘Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde, og Lasarus like eins det vonde. No blir han trøysta her, medan du lid vondt. 26 Dessutan er det lagt ein avgrunn mellom oss og dykk, slik at dei som vil koma herifrå og over til dykk, ikkje skal kunna det, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.’ 27 Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. 28 Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.’29 Men Abraham sa: ‘Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.’30 ‘Nei, far Abraham’, svara han, ‘men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.’ 31 Då sa Abraham: ‘Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.’»

 

Den rike mannen og Lasarus

Jesus brukte mange gonger likningar og forteljingar for å utbreie si lære. Forteljinga om den rike mannen og Lasarus er ei slik forteljing. Les ho gjerne i 16. kapittelet i Lukasevangeliet, eller ta til takke med kortversjonen:

Ein rik mann lever i sus og dus medan den fattige tiggaren Lasarus ligg utanfor porten hans og lid vondt. Begge døyr, men historia held fram på den andre sida. Her lever no den rike mannen i pine i dødsriket medan stakkaren vert trøysta av patriarken Abraham. 

Den rike får auga på Lasarus og spør Abraham om ikkje han kan senda Lasarus av garde for å dempa lidingane hans. Han får nei («du fekk det gode du ville ha medan du levde») og får vita det som verre er: Det går ikkje an å koma frå Lasarus til den rike eller andre vegen. Det er ein uoverstigeleg avgrunn mellom. 

Då byrjar den rike å tenkja på brørne sine som enno lever, og ber Abraham senda nokon for å åtvara dei. Men igjen får han nei: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde».

Historia har mange poeng, og mykje kan vi læra av den om livet og om døden. Til dømes dette: Det er to dører ut av livet, ikkje ei, slik vi gjerne trøystar oss sjølve og kvarandre med. Sidan det ikkje er råd å koma frå eine til hin staden etter døden, må det bety at det er det som skjer og vala vi gjer i livet, som avgjer kva for ei av dørene vi må gå gjennom.

Og dette: Vil vi ikkje høyra på «Moses og profetane» (vi som lever i dag kan gjerne leggje til «eller Jesus og apostlane») så let vi oss heller ikkje omvenda om det skjer noko underfullt, sensasjonelt, uforklarleg; at einkvan står opp frå dei døde og åtvarar oss om kva som er og skjer på andre sida av døden. Med andre ord: Vi har den informasjonen vi treng for å ta våre val, og har ingen ting å orsaka oss med.

Og dette: Det finst oppreising og trøyst for den sjuke, den fattige, den ille medfarne. Han som vert sett ned på, den spotta og underkua. Men den hovmodige, som lever for seg sjølv og si eiga nyting, utan å ofre stakkaren ute i porten ein tanke, han har dårlege odds den dagen skaparen krev han til rekneskap.

Bøn for dagen: Heilage Gud, livsens kjelde, du har skapt verda ved ditt ord. Vi bed deg: Lær oss å leva som born av lyset, så vi ikkje krenkjer deg eller nesten vår, men viser kjærleik i ord og handling, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.