5- og 6-åringar spesielt velkomne på gudsteneste i Herdla kyrkje søndag 30.september

6 års bok og Søndagsskulegudsteneste

Søndag 30. september kl 11.00 er det gudsteneste i Herdla kyrkje.

Der er fem- og seksåringane spesielt inviterte.

Det blir utdeling av boka «Tre i eit tre» til dei som er 6 år. Femåringane vil og få ei lita gåve, og vi ønskjer å ha barna spesielt med i gudstenesta.

Astrid Marie og Bergljot er med i gudstenesta.

Etterpå blir det kyrkjekaffi/saft og boller.

Hjerteleg velkomen til alle!