Sæle er me

16. søndag i treeiningstida
Andakt av Ingrid Myrtveit Petersen

Dagens tekst (Matt 5,10-12): 10 Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira. 11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.

Sæle er me

Å vera sæl, kva er no det? Eigentleg er ordet ein gratulasjon. «Gratulerer, du er jammen heldig,» seier Jesus når har kallar deg sæl.

Bergpreika vert innleia med ei rekke slike «sæle er dei»-setningar, eller «saligprisingar», som dei gjerne vert kalla. Teksten vår fokuserer på dei to siste, som begge handlar om dei forfølgde. Desse saligprisingane er ikkje berre til ei spesifikk gruppe av særleg lidande kristne, for alle saligprisingane gjeld dei same: dei som følgjer Jesus.

Når Jesus snakkar om dei fattige i ånda, dei sørgjande, dei audmjuke, dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei miskunnsame, dei reinhjarta, fredsskaparane og dei som blir forfølgde, snakkar han til dei same. Alt dette gjeld alle kristne.

Det er paradoksalt å gratulera sørgjande, fattige, svoltne, tørste og forfølgde. «Så heldig du er som sørgjer», eller «gratulerer med forfølgingane». Hadde det berre stått slik, hadde det vore rystande og hjartelaust. Ein kan ikkje gratulera dei som har det vondt, som om dei hadde det godt.

Men kvar saligprising har også eit løfte. Eller, det er meir enn eit løfte, og meir enn eit ønskje, det er ei konstatering. Det er ein grunn til at dei kristne er sæle, til at Jesus gratulerer dei. Nemleg fordi himmelriket er deira, og at dei skal få sjå Gud, få miskunn, kallast Guds barn osv. Desse tinga er det verdt å gratulera.

Saligprisingane er på den eine sida utfordrande. Eg som kristen, hungrar og tørstar eg etter rettferda? Er eg miskunnsam og fredsskapande? Desse utfordringane skal me ta på alvor, for det er del av det å følgja Jesus. Me kan strekka oss etter å bli meir slik.

Men på den andre sida er saligprisingane til trøyst. Som etterfølgjar av Jesus kan ein måtta gjennomgå mykje. Det er vanskeleg å hungra etter rettferd og skapa fred midt i ei verd der urett og ufred råder. Og me skal bli forfølgde på grunn av dette, seier Jesus. Ja, på grunn av han, for hans skuld, skal me bli spotta, forfølgde, lyge og tala vondt om på alle vis! Men – me kan likevel gleda oss og jubla, for løna vår i himmelen er stor!

Kanskje burde det heller stå at gåva, ikkje løna, er stor. For den er ikkje å forstå som betaling for godt utført arbeid. Det er ei gåve frå Gud, som me ikkje treng gjera oss fortente til, men berre får av hans nåde og kjærleik til oss.

Jesus peikar på realitetane ved å følgja han, og på mange måtar stå verda midt imot. Det er tøft. Det kostar. Men han slår samstundes fast at vinninga er så mykje større. Gåva er reel. Difor er me sæle som høyrer Jesus til.

Bøn for dagen: Gud, du kjelde for alt godt, du høyrer klageropa våre. Vi bed deg: Trøyst oss i liding og trengsel, så vi finn styrke i din lovnad om å gjera alle ting nye, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.