SJØVEIS KYRKJEREIS TIL HERDLA KYRKJE

bilde er hentet fra: Maritime Tours AS – Skreddersydde maritime arrangement

SØNDAG 2.SEPTEMBER 2018  KL.11.00-13.00.

Gudstenesta denne søndagen kjem til å ha eit historisk preg over seg. Før gudstenesta vert det sjøvegs kyrkjereis med «Vestgar», som går frå Kystmuseet i Øygarden og frå Vikebø på Rossland til Herdla. Det vert også sett opp veteranbuss frå Bergen kl.08.00 om morgonen til Kystmusèet, slik at dei som vil nå «Vestgar» derifrå kan reise frå Bergen. Dei som kjem frå Øygarden, kan gjerne vere med heile vegen til Rossland dersom dei ønskjer det. Dei som ønskjer å komme med eigen båt til Herdla den dagen, må vere klar over at det er avgrensa plass i Herdlevågen den dagen. Herdla kyrkje vil vere open frå kl.10.00, slik at dei som ønskjer det, kan gå inn og vente til gudstenesta begynner.

Gudstenesta i Herdla kyrkje tek til kl.11.00, og det vert teke i bruk gamle salmar og gammal liturgi, slik det var i 1860-åra. Dersom du har «gamle» kyrkjeklede, er det fint om du går med dei. Gudstenesta vert avslutta med eit kåseri på kyrkjebakken, om kyrkja si historie, og om det historiske spelet som skal visast i Herdlevågen like etter gudstenesta. Om det vert dårleg ver, vert kåseriet halde inne i kyrkja. Det er muleg å få kjøpe mat ombord på «Vestgar», som vil liggje til kai i Herdlevågen under heile arrangementet.

 

Det historiske spelet vil handle om korleis kyrkjelyden i første halvdel av 1860-talet frakta stein til utvidinga av grunnmuren til kyrkja, for å oppfylla nye krav til storleik for kyrkjer. Dette vil bli rekonstruert frå Herdlevågen, der det blir frakta stein i båt til brygga, som derifrå vert boren opp i ei kjerre, og frakta til kyrkja med hest og kjerre. På kyrkjebakken vert steinen plassert i ein mal, som viser kor mykje stein kvar husfar skulle skaffe til den nye kyrkja. Her vert det også ein kontroll ved innskriving i ein protokoll på kor mykje stein som er levert, og kor mykje som mangla for å oppfylla kravet.

 

Framkomstmidlar

Det vert sett opp veteranbuss frå Bergen bystasjon til Kystmuseet. Bussen går frå perrong P søndag morgon kl.08.00 og kan ta på passasjerar mellom Sotrabrua og Ovågen. Passasjerar må då gje melding per SMS på 93097995 på førehand. Bussen korresponderer med Vestgar sin avgang 0915 frå dampskipskaien ved Kystmusèet i Øygarden.

Retur om ettermiddagen kan skje med det ordinære busstilbudet:

  1. a) Ordinær rutebuss frå Herdla til Bergen kl.14.37 frå Herdla.
  2. b) Ordinær rutebuss frå Vikebø til Bergen kl.16.08 frå Vikebø.
  3. c) Ordinær rutebuss frå Ovågen til Bergen kl.17.35 frå Ovågen.

 

Rutetider for «Vestgar» søndag 2. september

Fra Ovågen 09.15 Frå Herdlavågen 14.30

Til Herdlasundet 09.35 Til Vikebø 14.55

Frå Vikebø 10.15 Frå Herdlasundet 15.30

Til Herdlavågen 10.45 Til Ovågen 16.00

Alle er velkommen til gudsteneste 2.september, og til å sjå det historiske spelet.

NB! Denne dagen er også Fortets dag på Herdla. Dette arrangementet byrjar ca.kl.12.00 på Fortet og programmet der kjem i eigen informasjon.

 

Arr. Herdla sokneråd i samarbeid med Kystsogevekene