«Både – og» kristendom 

Vingardssøndagen /
14. søndag i treeiningstida
Andakt av Karl Johan Hallaråker

Dagens tekst (Luk 17,7-10): 7 Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjeter, seier han då til tenaren når han kjem heim frå marka: ‘Kom no og set deg til bords?’ 8 Nei, han vil seia: ‘Lag til kveldsmat, bind opp kjortelen og stå til teneste for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.’ 9 Takkar han tenaren for at han gjorde det han var pålagd? 10 På same måten er det med dykk: Når de har gjort alt de var pålagde, skal de seia: ‘Vi er unyttige tenarar og har berre gjort det vi var skuldige å gjera.’»

«Både – og» kristendom 

Komande søndag er godt eigna til å få fram vesentlege poeng om kva kristendom dreier seg om for deg og meg. Kristendom er både gratis nåde og full tids teneste for nådeløn. Søndagen sitt namn kjenner vi som vingardssøndagen i kyrkjeåret, og mange knyter dagen til likninga om arbeidarane i vingarden der dei som arbeidde heile dagen fekk same betalinga som dei som starta timen før dagen var slutt. Guds lønnsplan er tydeleg annleis enn våre tariff-forhandlingar. Men kva med dei poenga eg starta med i dag? Svaret er enkelt og treng ikkje gjerast komplisert og vanskeleg.

Guds frelse ved trua på Jesus er av nåde. Frelse er ikkje vår forteneste. Enten vi lever med Gud frå vi vart borne til han i dåpen eller først kjem ved livets slutt i alderdommen, blir frelsa aldri noko vi fortener oss fram til hos Gud. Nåden er alltid ufortent og gratis for oss alle. Nåden er dyr for Gud. Guds son gav livet for å gje oss si frelse. Du hugsar den vesle Bibelen «For så elska Gud verda …» Joh.3,16? Evangeliet er at Gud kjem til oss med denne nåden gjennom forkynninga av Ordet: «Så kjem då tru av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord» Rom.10,17.

Dei neste poenga er hovudsaka nett denne søndagen. Gud kallar oss til teneste i si haustvinna. Vi er ikkje kalla til gratis frelse for å leva for oss sjølve etter eige for-godt-befinnande. Han utrustar oss til å leva for andre og for kvarandre i det kall og oppdrag kvar av oss får. Guds vingard har plass til alle, og bruk for alle enten det er Ordet eller handa si teneste. I ein av tekstane som blir lest i kyrkja søndag, seier apostelen Paulus dette: «Vi er Guds medarbeidarar!» 1 Kor 3,9. Det kristne livet er altså ikkje eit sofatilvære i sjølvdyrking og sjølvnyting. Gud kallar til aktiv kvardags teneste. Han vil ha alle med.

Så kjem spissformuleringa: Heller ikkje her løner Gud etter våre prestasjonar. Du har kanskje høyrt om han som blei bedt om ei teneste – «eg har ikkje noko å betala med, men du får nok løn i himmelen»! Ja, visst blir det lønnsdag i himmelen. Men – og det er toppreplikken i dag: Himmelløn blir nådeløn og ikkje prestasjonsløn!

Bodskapen denne søndagen er til oss alle. Gud kallar alle til gratis frelse. Gud har bruk for alle i si teneste. Men skal vi gå rett på sak: I dag korrigerer Gud vår tankegong som har vore i lang teneste – vi fortener korkje nåden eller heideren meir enn andre. Det er eit paradoks – men heilt sant: Gud har bruk for vår teneste – men sluttpoenget i dag er dette frå Jesus: «Vi er unyttige tenarar og har berre gjort det vi var skuldige å gjera» Luk 17,10. 

Bøn for dagen: Livsens Gud, Herre for kyrkja, du har kalla oss til å vera arbeidarar i vingarden. Vi bed deg: Bygg di kyrkje og styrk oss i tenesta, så vi arbeider for deg og nesten vår med glede, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.