Fasaderehabelitering av Herdla kyrkje

I sommar har det pågått fasaderehabelitering av Herdla kyrkje. Arbeidet omfattar rehabilitering av sør- og austfasaden.
Det er Akasia som har utført arbeidet etter konkurranse. Det er meininga å rehabilitere resten av kyrkja, men dette må vente inntil finansiering er avklart. Dørene på vestsida har òg vorte pussa opp.

Herdla kyrkje har hatt sin noverande form sidan ho vart bygd opp etter krigen og igjen vart teken i bruk i 1951. Kyrkjer har stått på tomta sidan 1100-talet. Ole Halvorsen var arkitekt ved siste gjenoppbygging.

Kyrkja har plass til 500 menneske. Ho er verken verna eller listeført av Riksantikvaren. Kyrkja er bygd som ei tradisjonell langkyrkje, og materialet i vegglivet er pussa stein. Takkonstruksjonen i treverk er tekt med skifer. Delar av taktekking og renner/nedløp vart skifta i 2003. Spiret på kyrkja vart fjerna under den andre verdskrigen. Ho vart reist opp att i mai 2008. Les meir her: