Frelsaren og kvinnene

12. søndag i treenighetstiden
Andakt av Åge Sætre

Dagens tekst (Luk 8,1-3): 1 I tida som no kom, drog Jesus omkring og forkynte i byar og landsbyar og bar fram den gode bodskapen om Guds rike. Dei tolv var med han, 2 og nokre kvinner som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar. Det var Maria med tilnamnet Magdalena, som sju vonde ånder hadde fare ut av, 3 Johanna, som var gift med Kusa, ein forvaltar hos Herodes, og Susanna og mange andre. Med alt det dei eigde, tente dei Jesus og dei tolv.

 

Frelsaren og kvinnene

Lukas-evangeliet er blitt kalla kvinnene sitt evangelium. Her stig kvinner offentleg fram i ein til då ukjend grad, saman med Jesus. Men alt skapingssoga fortel at både mann og kvinne er skapt i Guds bilete (1 Mos,1,26-27). Kvinna er av same slag som mannen, tilsvarande og utfyllande (2 Mos 2,19-24). Mann og kvinne er då begge ei avspegling av noko i Gud, noko æveleg. Det mannlege og kvinnelege finst i Gud, på eit himmelsk plan, og utgjer den heile Gud.

På det jordiske planet er (t.d. hormonelt), mannen mest mannleg og kvinna mest kvinneleg, slik at dei treng og liker kvarandre generelt, mest intimt i ekteskapet. På same tid fortel Guds ord at livet sitt mål handlar om at den himmelske brudgomen, Kristus, ein dag skal henta og fri ut den jordiske brura, Guds folk, til eit lukkeleg samliv for alltid. Alt dette heng saman og hjelper oss – kort sagt!!! – i dei djupe og gjerne kampfulle spørsmåla om menneskeleg og kjønnsleg identitet. Og meininga med livet i det heile.

Lukas fortel i teksten om at dei tolv og fleire kvinner var saman om å reise omkring med Jesus. Kvinnene hjelpte praktisk og med midlane sine, sikkert også med anna omsorg. Maria Magdalena, hadde blitt fridd frå sju vonde ånder. Ho var den første som seinare såg og vitna om Jesus som oppstaden. – Det viktigaste som hende på reisa var Jesu forkynning om Guds rike. Ved han var himmelen no komen så nær, at det kunne merkast i vedunderlege, frigjerande under og teikn. Og ikkje minst det mest viktige, fullstendig tilgjeving for syndene.

Det same skjer – meir eller mindre – i dag. Guds rike er nær! Vend om og tru på Jesus, så du blir med når han skal gjere jorda ny for vår skuld. Høyr på korleis Gud lengtar etter deg med ei «kvinneleg» kjensle: Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn, ei omsorgsfull mor det barnet ho bar? Sjølv om dei skulle gløyma, skal ikkje eg gløyma deg. Sjå, eg har teikna deg i hendene mine … (Jes 49,15) – Mange kvinner har på liknande vis kanalisert Guds uthaldande og inderlege kjærleik med sitt Jesus-inspirerte liv. Hans kjærleik er den same no.

Bøn for dagen: Trufaste Gud, du kan aldri kan gløyma borna dine, og du veit kva vi treng. Vi bed deg: Fri oss frå angst og uro og lær oss å leva i tillit til di omsorg, så vi søkjer ditt rike, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.