Å sjå og bli sett!

7. søndag i treeiningstida
Andakt av Harald Forland

Dagens tekst (Lukas 19,1-10): 1 Så kom Jesus til Jeriko og drog gjennom byen. 2 Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik. 3 Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten av vekst. 4 Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, for der kom han til å gå forbi. 5 Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.» 6 Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. 7 Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.» 8 Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.» 9 Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son. 10 For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»

 

Å sjå og bli sett!

Sakkeus var ein upopulær tollar, men ønskte likevel å sjå Jesus. Ryktet om Jesus hadde også nådd han. Dei religiøse leiarane var sinte på Jesus fordi han tok imot tollarar og syndarar og åt saman med dei. Sakkeus visste godt at han ikkje var Guds beste barn. Han var rik og hadde makt fordi han var i teneste for den romerske keisaren. Alle som frakta varer på karavanevegane gjennom Jeriko måtte betale toll og avgifter til han. Og korrupsjon var det normale, han pressa ofte folk til å betale ein del ekstra som han putta i eiga lomme. Sakkeus visste at han braut det 7. bodet og stal frå folk. Men han var på ein måte fanga av systemet og si rolle. Kunne han bli fri? – og løfte hovudet med godt samvit? Tenk om Jesus kunne gje han ein ny start.

Sakkeus var liten av vekst, og det var tett i tett med folk rundt Jesus. Men han var smart og klatra opp i eit morbærtre langs vegen der Jesus og alle som følgde han kom gåande. Så sat han der litt i skjul og litt på utstilling og såg at Jesus kom. Då skjedde det overraskande: Jesus såg opp og snakka direkte til han: Sakkeus, skund deg å kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus. Jesus såg han og bad seg sjølv med heim til han.

Sakkeus fekk sjå Jesus, men endå viktigare: han blei sett og møtt av Jesus på trass av sine feil og nederlag. Det forandra alt. Jesus oppsøkte han og sette han fri frå skuld og dom. Jesus sa: I dag er frelse komen til dette huset. Og Sakkeus lova å gje halvparten av alt han eigde til dei fattige og betale firdobbelt tilbake til dei han hadde truga pengar frå. 

Vi òg kan kome inn i dårlege spor og gå oss fast. Kjenne at vi er fanga av vår rolle og vår plass i eit system der vi må gå på akkord med dei verdiar vi ønskjer å stå for, som det doble kjærleiksbodet: Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte. Og du skal elske din neste som deg sjølv. Vi kan finne kvar våre eksempel på at vi ikkje lever opp til dette. Eitt er korleis vi er dårlege forvaltarar av Guds skaparverk. Eg syns det er trasig å tenkje på at vi brukar plast til innpakking av alt frå frukt og grønt til kle og møblar sjølv om vi veit kor stor skade plast gjer i naturen for fisk, fuglar og dyr.

Men Jesus ser oss og ønskjer fellesskap med oss. Han lyttar når vi er ærlege om alle slags dilemma og utfordringar vi står i – i ei verd med store forskjellar på fattige og rike og ein livsstil som forureinar og skadar Guds skaparverk. Berre Jesus set meg fri frå skuld og dom og gir meg plass i fellesskapet med vår gode Skapar og Far. Forundra får eg løfte blikket slik som Sakkeus og oppdage at eg er sett og elska og sett fri. Då kan eg også spørje: Kva kan eg gjere for å elske og tene Gud og min neste med det eg eig og har? – med tid og pengar eg har fått å forvalte? Heile jorda og samfunnet rundt oss treng menneske som vil endre vanar og livsstil. Lat oss be om mot til å vere kreative og konkrete i teneste for Gud og vår neste slik som Sakkeus.

Bøn for dagen: Evige Gud, du ser oss alltid. Vi bed deg: Rop på oss når vi vil skjula oss for menneske og for deg, så vi får mot til å leva synleg for ditt nådige blikk, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.