Mange meiningar om Jesus

Aposteldagen / 6. søndag i treeiningstida
Andakt av Bård Hauge

Dagens tekst (Matt 16,13-20): 13 Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» 14 Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» 15 «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» 16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» 17 Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» 20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.

 

Mange meiningar om Jesus

Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»

Av dette utdraget frå dagens tekst skjønar me at det på Jesu tid var mange ulike meiningar om Jesus, kven han var og kva som var oppdraget hans. Det same gjeld også i dag. Den gongen knytte dei Menneskesonens (Jesu) kome til ulike lovnadar i Det gamle testamentet og tenkte primært på han som ein profet. I vår tid er det mange som ser på Jesus som ein religionsstiftar i klasse med Buddha eller Muhammed, eller som ein politisk opprørar mot den romerske okkupanten. Andre ser på han som ein mystikar eller folkeforførar. Kva tenkjer du? Har du gjort deg opp ei sjølvstendig meining om kven Jesus er og kva plass han skal ha i ditt liv? Du er kanskje døypt til Jesus Kristus og til å leva ditt liv i tru på han, men betyr det noko for deg i kvardagen?

Då Jesu læresveinar viste til folkemeininga vart dei utfordra direkte av Jesus: «Kven seier de at eg er?» Simon Peter svara for dei alle: «Du er Messias, den levande Guds Son.» Jesus var den levande Guds Son, altså var han sann Gud, – og Messias, frelsaren som var lova i Det gamle testamentet. Det var Simon Peter og dei andre læresveinane/apostlane si tru. Det er også kjernen i den kristne trua i dag. Me treng ein frelsar frå synda og døden si makt. Denne frelsaren er komen, han levde på jorda for 2000 år sidan, døydde på krossen for våre synder og stod opp frå dei døde som garantist for at du og eg kan få del i det evige livet. Han lever i dag.

«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» (Joh 3,16).

Kven seier du at Jesus er? Dersom du ikkje kjenner han godt nok til å kunna gi eit godt svar på dette spørsmålet, vil eg tilrå at du tek deg ein tur i kyrkja eller på bedehuset eller ein annan stad der Guds ord vert forkynt. Der vil du læra Jesus å kjenna. Du kan også lesa om han i Bibelen, anten på eiga hand eller saman med andre, til dømes i ei bibelgruppe.

Bøn for dagen: Heilage Gud, du kalla ufullkomne menneske til å vera apostlar. Vi bed deg: Kall oss til å vera dine vitne i verda. Utrust kvinner og menn, born og gamle, så vi kan vera levande steinar i di kyrkje, bygd på den sanne grunnvollen, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.