Ein annan horisont

4. søndag i treeiningstida
Andakt av Michal Møgster

Dagens tekst (Matt 16,24-27): 24 Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25 For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.

 

Ein annan horisont

I dag tidleg var det millionar av menneske som tok opp sitt kors og hengte det i eit kjede rundt halsen. På konfirmasjons- og dåpsgåveborda rundt omkring ligg det eske med krossforma smykke. Krossen og krossforma er det fremste identifikasjonsmerke for kyrkje og kristen tru. Fleire kjenner truleg på den store avstanden som er mellom krossen, som ein meir eller mindre reflektert kroppspynt, og den krossen Jesus bar. Kva kross er det Jesus ber sine disiplar både den gongen og i dag, om å bere?

Rett før vår tekst, har Jesus fortalt sine disiplar at vegen for han er opp mot Jerusalem, liding og død. Brått vende han merksemda frå seg sjølve og mot disiplane. Dei var allereie etterfølgjarar. Dei hadde forlate alt og gitt opp mykje. No deler han med dei det som han ser skal komme. Han fortel at det kjem til å bli verre. Det handlar om liv og død. Historia viser oss realismen i Jesu ord. Av dei tolv, så var det visstnok berre ein som døydde ein naturleg død – Johannes som døydde som ein gamal mann, i Efesos, på vestkysten av dagens Tyrkia. Forfølging og martyrium var ikkje uvanleg i åra frametter.

Men har desse orda noko vi kan ta til oss – vi som lever som kristne der horisonten er ein annan enn motstand og forfølging? Det handlar om å seie nei til seg sjølv og ta krossen sin opp. Dette er likevel ikkje det same som sjølvutsletting. Det høyrer til askese og resignasjon, som ikkje er kristne dygder.

Å seie nei til seg sjølv og ta krossen sin opp, ligg nærare ordet sjølvoppofring, då tenkt som ei konkret teneste i kyrkje og forsamling. Ei konkret teneste som ikkje blir framheva eller får ein positiv posisjon i samfunnet. Innanfor dette vil eg og ta med gjevarteneste. I dette ligg og det å gå i rette med det sjølvopptatte og særinteressene som dreg ein sjølv og andre bort frå både samlinga om Guds ord og det trusmessige sentrum.

Samstundes får vi jo det reelle i desse orda nær oss i flyktningane som kjem til oss. I deira liv kan vi sjå ein imponerande trusstyrke og trusvisse som har mykje å tilføre våre kyrkjelydar og forsamlingar. I dei tyngste stundene blir det heile lyst opp i vissheita om Jesu nærvær og det heilande fellesskapet som er i Han og hos Han.

Bøn for dagen: Gud, lat tenande kjærleik og rett sjølvfornekting finne gode vekstvilkår i våre hjarte, så vi i alle ting veks oss nærare deg og stadig vert deg meir lik. Gjer oss kjærlege i tanke, venlege i ord, gåvmilde og høgsinna i gjerning. Lær oss at det er betre å gje enn å få, betre å gløyma seg sjølv enn å fremja seg sjølv, betre å tena enn å verta tent.