Den som ser

Pinsedag
Andakt av Audun Mosevoll
Dagens tekst: Joh 14,15-21

 

Den som ser

Jesus seier: «Elskar de meg, så held de boda mine.  Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk.  Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.  Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for» (Joh 14,15-21).

Sist haust kom det ein ny roman frå den populære forfattaren Herbjørg Wassmo. Romanen hadde tittelen «Den som ser».

På pinsedagen minner Bibelen oss om det «å sjå». Den som lever i trua på Jesus vil sjå Han som trua vår er festa til. Dei Jesus kallar «verda», ser ikkje kristentrua sin opphavsmann og fullendar. Men med den første pinsedagen kom talsmannen, Guds heilage Ande, og han peikar på Jesus for alle som vil sjå. Det gjer han på den måten at vi i tru kan sjå Jesus, sjølv om vi med det menneskelege auga ikkje kan sjå han.

«Den som ser» i kristen tyding, er den som ser Jesus som sin frelsar og som vegen til Gud, han som har skapt oss og gitt oss livet. Og i dette «synet» skal vi få oppleva at Jesus lever og at vi skal få leva i han.

Ein av mange lovnader som Jesus har gitt etterfølgjarane sine, er at dei som trur på han ikkje skal måtta vandra gjennom livet «som foreldrelause born». Det er ei stor trøyst å ta med seg. Vi er ikkje åleine, vi har ein å gå til. Slik barnet vender seg til ein god forelder, skal vi få koma til Gud med våre spørsmål, vår angst og fortviling. Det tyder ikkje at alle menneskelege problem svinn vekk for den kristne, men at vi har ein som går saman med oss både i dei gode dagane og dei som er vonde og vanskelege.

Jesus sa ved slutten av åra han vandra omkring i Palestina, at han ville gå til sin Far. Kristi himmelfart var teiknet på at Jesus høyrde heime hos Gud, ja, han var Guds eigen son. Men far til Jesus, er også vår far, vår himmelske far. Pinsedagen minner oss om kor uendeleg stor og rik Guds kjærleik er. Det er ein farskjærleik som aldri tar slutt. Det får den erfara som ser Jesus med trua sine auge.

Bøn for dagen: Heilage Ande, vår livgjevar, vi takkar og lovprisar deg. Du sende din eld over læresveinane pinsedag og gav dei visdom og kraft. Vi bed deg: Hald trua og kjærleiken brennande blant oss, så vi frimodig forkynner evangeliet om Jesus Kristus, vår Herre, han som med deg og Faderen lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.