Godhetsdagen 5. mai

5. mai arrengerer me GODHETSDAGEN på Askøy.

Små ting gjort i kjærleik vil forandra verda!

Treng du hjelp til noko? Husmåling, hagearbeid, bilvask, flytting eller andre praktiske ting? Eller vil du gjerne ha besøk av nokon å snakka med? Det einaste kriteriet er at det er på Askøy.

Send inn ditt oppdrag til ung@kirken-askoy.no

Har du lyst å vera med som godhetshjelpar? Meld deg til same e-postadresse. Me møtest først alle saman klokka 11.00, og reiser så ut i team på dei ulike oppdraga. Dagen vert avslutta med grilling ved Erdal kyrkje.

Bli med!