Frigjerande oppgjer

2. søndag i påsketida
Andakt av Harald Gjøsæter

Dagens tekst (Joh 21,15-19): 15 Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» 16 Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» 17 Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! 18 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» 19 Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

 

Frigjerande oppgjer

Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine!»

Det som her er skildra hende etter at Jesus døydde og stod opp att. Flokken som hadde følgt Jesus var i villreie. Jo, dei visste at Jesus hadde stått opp etter å ha lege i grava i tre dagar. Han hadde møtt dei to gonger alt, men dei var likevel fulle av tvil og undring. Særleg Peter, som hadde svikta og svike meisteren sin under rettargangen mot han, og tre gonger nekta for at han kjende han, var truleg full av anger og vonde minne. Og korleis skulle det gå med dei no?

Dei var fiskarar, og tok opp sitt gamle yrke att. Men etter å ha fiska ei heil natt, fekk dei eit nytt møte med Jesus, han sat på stranda og venta på dei då dei kom til lands. Og det var særleg Peter, den angrande syndaren, Jesus ville ha i tale denne morgonen. Ikkje for å døma han for sviket hans, men for å gi han eit spesielt oppdrag! Rett nok gjekk Jesus brutalt rett på sak, og minna Peter om at han hadde svikta då det gjaldt som mest. Tre gonger fekk Peter same spørsmålet frå Jesus: Elskar du meg? Held du av meg? Har du meg kjær? Det er som om Jesus vrir kniven rundt i såret gong etter gong, og Peter vert meir og meir fortvila!

Vegen attende til Jesus etter svik og svikt går alltid gjennom brutalt oppgjer. Aldri gjennom «det er vel ikkje så farleg», eller «det er vel ikkje så nøye». Alltid gjennom ransaking og vedkjenning. Peter møtte den Jesus som peikar på synda og stiller til ansvar, men når det er gjort, og synda er erkjent, også har nåde og tilgjeving og tilbod om ein ny start. Peter vart frå då av leiaren i den veksande flokken av kristne.

Vi sviktar kvar dag, i tankar, ord og gjerningar, med det vi har gjort, og med det vi har forsømt. Men også oss kjem Jesus i møte med tilbod om oppgjer, omvending og ein ny start. Det kostar å seia fram syndsvedkjenninga i gudstenesta. Men det gjer oss til nye menneske. Har du prøvd?

Bøn for dagen: Oppstadne Frelsar, Jesus Kristus, du rekkjer hendene mot oss når vi tvilar. Vi bed deg: Gje oss tru når vi ikkje forstår, så vi kan leva i lyset av di oppstode og tilgje vårt eige og andres svik, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.