Alt blir snudd på hovudet

3. søndag i fastetida
Andakt av Ingrid Myrtveit Petersen

Dagens tekst (Mark 9,17-29): 17 Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei ånd som gjer han stum. 18 Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står ut av munnen, og han skjer tenner og blir heilt stiv. Eg bad læresveinane dine driva ånda ut, men dei makta det ikkje.» 19 Då sa Jesus til dei: «Du vantruande slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!»20 Dei førte guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg med skum om munnen. 21 «Kor lenge har han hatt det slik?» spurde Jesus. «Frå han var liten», svara faren. 22 «Ofte har ånda kasta han både i eld og i vatn for å ta livet av han. Men om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!» 23 «Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogleg for den som trur.»24 Straks ropa faren: «Eg trur, hjelp mi vantru!» 25 Då Jesus såg folk strøyma til, truga han den ureine ånda og sa: «Du stumme og døve ånd, eg byd deg: Far ut av han, og kom aldri meir tilbake!» 26 Då skreik ho høgt, reiv og sleit i han og fór ut. Guten låg livlaus, og alle sa at han var død. 27 Men Jesus tok han i handa og hjelpte han opp, og han reiste seg.
 28 Då Jesus var komen i hus og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» 29 Han svara: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.»

 

Alt blir snudd på hovudet

Dette er ei merkeleg forteljing. Me er ikkje vande med at folk kjem for å bli friske ved eit mirakel, og endå mindre er me vande med å sjå vonde ånder bli drivne ut av små born. Men det er det som skjer. Jesus gjer den stakkars guten frisk ved å driva ut ei «døv og stum» ånd, som ofte «kasta guten både i eld og vatn».

Desse skildringane av den vonde ånda finn me att i det gamle testamentet. Når profetane snakka om at Jesus skulle koma, finn me mange løfte om kva det ville innebera. Mellom anna skriv dei at «Då skal blinde auge opnast og døve øyre latast opp. Då skal den lamme springa som ein hjort, og tunga til den stumme skal jubla» (Jes 35,5-6) og at «Går du gjennom vatn, er eg (Gud) med deg, gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg. Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg. For eg er Herren din Gud, Israels heilage, som frelser deg» (Jes 43,2-3a).

Dette mirakelet, denne redninga av den unge guten, er ei oppfylling av det profetane har føresagt. Det viser at alt det fantastiske som har blitt lova om Jesus, faktisk stemmer.

Og alt dette som skal snuast på hovudet, døve som høyrer og stumme som jublar osv, det gjeld ikkje berre det konkrete høvet med denne guten. Det er eit bilete på at alt som er vondt, alt som er feil, alt som er urettferdig, som held oss menneske nede og gjer oss ufrie – alt det har Jesus kome for å helbreda og gjera heilt og rett. Sjukdom. Skam. Vondskap. Synd. Ingenting av dette har makt lenger. Ikkje i møte med Jesus.

Jesus bringa Guds rike til oss då han kom til jorda. Eit rike fullt av glede, fred og kjærleik. Og i himmelen veit me at det vil vera fullkome. Der er ingen sjuke og nedbrotne. Der må ingen skamma seg. Der er ingen vondskap. Det er dette Gud ynskjer for oss. Og så kjem dei verkeleg gode nyheitene, at trass synda er himmelen open og Guds rike tilgjengeleg for oss. For Jesus har døydd for synda vår, sona for ho, og stått opp att og sigra over ho. Synda held oss ikkje lenger vekke frå Gud. Ho har mista krafta si. Jesus har snudd det på hovudet. Den lamme spring, den blinde ser – og den syndige er fri.

Dette er realiteten så lenge me trur på det. Så lenge me trur på Jesus. Så vår oppgåve er berre å gå til Jesus med den same bøna som gutens far i forteljinga: «Eg trur, hjelp mi vantru».

Bøn for dagen: Allmektige Gud, du vinn over vondskapen. Vi bed deg: Vern oss mot det vonde, og set oss fri, så vi kan leva som born av lyset, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.