Må du?

1. søndag i fastetida
Andakt av Karl Johan Hallaråker

Dagens tekst (Matt 16,21-23): 21 Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp. 22 Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» 23 Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

 

Må du? 

Må du verkeleg dette? Må du ta på deg dette? Må du gå dit? Må du? Må du? Ja, må eg?

Dei fleste av oss kjenner oss sikkert igjen både med å få og gje andre slike spørsmål. Vel, eg skal ikkje koma med nokon moralsk peikefinger. Det kan vera gode grunnar til å stilla spørsmåla. I alle fall gir det høve til å reflektera over og forklara kvifor ein må det eller det. Den forklaringa kan vera nyttig for nokon og ein kvar.

Peter gjekk enno lenger. Han stilte ikkje ein gong spørsmål om kvifor Jesus måtte dra til Jerusalem og at han ville lida mykje der i byen. Spontant kom han med sitt utbrudd: «Gud hjelpe deg, Herre, slikt må aldri henda deg».

Når sant skal seiast, låg det lang tradisjon bak spontaniteten i Peter si haldning. Han hadde jo like i førevegen vedkjent kven Jesus, Menneskesonen, eigentleg var: «Du er Messias, den levande Gud Son» (v.16). Jesus hadde også etterpå stadfesta at dette var ikkje berre Peter si oppfatning av Jesus. «For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen» (v.17).

I den jødiske tradisjon var både nemninga Messias og Menneskesonen høgverdige nemningar fjernt frå liding og fornedring. Jesu signal om lidingsvegen var absurd for slik tankegong. Kva hadde skjedd Jesus? Hadde det ramla for han?

Her er det tid for å stilla spørsmålet med kvifor! Kvifor måtte Jesus dra til Jerusalem? Kvifor måtte han lida og døy? Det er eigentleg dette fastetida og påskehøgtida mykje handlar om. Å følgja Jesus på lidingsvegen opp til Jerusalem – opp til Golgata og krossen – gir oss svaret på det største av alle kvifor!

Ein anekdote fortel om kva som skjedde då Gud gav englane oppgåve. Til sist sto ein liten engel igjen. Meisteren stilte han spørsmålet – har du eige ønske for kva du skal gjera? Svaret kom saktmodig og bestemt: «Eg vil dra til dei mektige på jord og kviskra dei i øyra: Hugs, det er menneske det gjeld».

Det er svaret også her! Jesus måtte gå lidingsvegen – fordi det står om menneskeslekta si framtid. Profeten Jesaja gir oss grunngjevinga. «Vi gjekk oss vill som sauer, kvar tok sin eigen veg, men skulda vi alle hadde, let Herren ramma han» (Jes 53,6).

Mennesket kan stilla sine kvifor-spørsmål, vi kan rista på hovudet av den vegen Gud valde for sin Messias til vår redning, akkurat slik som Peter gjorde det. Men vi får same kontante svar av Jesus: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil» (v.23).

Ønsket for fastetida er då dette: Lytt til Guds grunngjeving, ta imot hans frelse! Den vegen er ikkje nødvendigvis lett, men den fører deg heim!

Bøn for dagen: Herre Jesus Kristus, du heldt ut i alle freistingar og sigra i kampen mot den vonde. Vi bed deg: Lær oss i denne fastetida å leva av ordet ditt, så vi vender oss bort frå all vondskap og følgjer deg, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.