Himmel på jord III

Kristi forklarelsesdag
Andakt av Åge Sætre

Dagens tekst (Mark 9,2-13): 2 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, 3 og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. 4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. 5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. 7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» 8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
 9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11 «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12 Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»

 

HIMMEL PÅ JORD III

HIMMEL PÅ JORD I: Kjende du litt himmel då du stod ved krubba, og var med i julesongane? Gud, Guds Son i eit lite spedbarn med ei jublande englehær over seg, og du, saman med hyrdar og vismenn?

HIMMEL PÅ JORD II: Underleg. Jesus er vaksen og blir døypt med syndardåpen av Johannes. Kvifor? For å bære den syndebøra eg og du ikkje kan gjere noko med? Er det ein slik Messias, frelsarkonge Jesus er? Det står vel noko om andre bører også, at han bar våre sjukdomar og lækte sjuke, gjerne berre med nokre ord. Dei skjer i dag også i hans namn! Dei er i alle høve ein forsmak på den dag då han skal utrydde all sjukdom.

HIMMEL PÅ JORD III: Det kjem brått eit overjordisk lys ut frå Jesu andlet og til og med gjennom kleda hans. Til alt overmål kjem også to andre til i ljoset der på fjellet. Det ser ut til at dei tre disiplane forstår at det er sjølvaste Moses og Elia. Peter, som er både skremd og forvirra, synest visst at no er det på tide å skru av tida (?). Berre Jesus no vil vise seg slik vidare.

Men det er visst noko på lista, enno. Det som er på Peter si skrekkliste: At Jesus må døy. Lukas fortel at Jesus og dei to andre «himmelske» snakkar saman om det som snart skal hende i Jerusalem. Underforstått til Peter: Du og alle andre kan ikkje bli frelst utan Jesu siger over synd og skuld på krossen. Og over døden ved hans lekamlege oppstode. Nett slik Gud hadde lova for lenge sidan gjennom profetar, ofte detaljert.

Moses og Elia er sentrale personar i den gamle historia som alltid har sett fram til Guds endeleg mål. Når Peter seinare skriv om denne hendinga (2 Pet 1,16ff), minnest han særleg Guds sterke røyst etter at himmellyset var borte vekk og berre Jesus sto att (Mark 9,7): Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han! I hans ord bur alltid himmellyset, han kan du stola på i liv og død. Les og høyr! Så vil du merka det.

HIMMEL PÅ JORD IV: Jesu død og oppstode.
HIMMEL PÅ JORD V: Synda og døden er endeleg overvunnen.

Bøn for dagen: Heilage Gud, du openberra din herlegdom i Jesus Kristus. Vi bed deg: Hjelp oss å søkja dei djupe mysteria i vår tru, så vi kan sjå deg i Jesu Kristi andlet, han som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.