GOD PÅSKE

PIC_0081
Glassmaleri i Erdal kirke. Per Odd Aarrestad: "Kristus lider" (2006)

Påskeveka som vi no er inne i, starta søndag for nokre dagar sidan, palmesøndag.
Bruk dagane som no kjem til å følgje Jesus på kvart steg i prosessen som starta med hyllinga palmesøndag.

Ved å finne vegen til den kyrkja som ringjer med klokkene der du er på kvar av dei neste dagane rullar påskedramet seg opp.

På torsdag: Måltidet, fotvaskinga, sviket og overgjevinga til soldatane.
På fredag:  Lidinga. Mørket. Døden. Grava.
Påskenatt gler vi oss over lyset som stig mot oss. Over livet som veks fram or døden. Kornet som vart lagd i jorda døydde. Nytt liv vaks fram.

Og så på søndag – påskedag, jublar ei heil verd:  «Livet vant, dets navn er Jesus.»

Alt dette vil vi minnast når vi samlar oss i  ei av kyrkjene på Askøy gjennom påska, eller om du finn vegen til gudsteneste der du måtte feire påske i lag med dine. Lat kyrkja si største høgtid også vere ei høgtid i Guds hus i lag med Guds folk på din stad. God påske!