Godt nytt år – eller er alt ved det gamle?

Nyttårsaftan
Andakt av Harald Forland

Dagens tekst (Joh 14,27): «Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!»

 

Godt nytt år – eller er alt ved det gamle?

Jesus seier (Joh 14,27): «Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!»

«Det gode i livet må veljast, det er berre det dårlege som kjem av seg sjølv», heiter det. Ved eit årsskifte stoppar vi opp og ser tilbake. Valde eg det gode for meg sjølv og andre, eller let meg leie av tilfeldige impulsar og forventningar? Vi gjer mange små og store val som til saman avgjer kva vi brukar tid og krefter på. Nokre trenar fleire timar for dagen, andre slappar av i sofaen med TV eller ei god bok, eller gjer ein innsats for andre i frivilleg arbeid i kyrkje og lokalsamfunn. Alt har si tid, står det. Det er rett å bruke tid på å stille opp for andre, men vi skal også ta vare på oss sjølve. Likevel er det grunn til å spørje: – Kan eg stå inne for dei vala eg gjer, eller går eg med ei uro og ein lengsel etter noko heilt anna?

På terskelen til ein nytt år blir vi møtt med løfte om den fred Jesus gjev. I verda vår er det både fred og ufred. Vi er takknemlege for alt arbeid som fremjar fred i verda, men veit at fred og fellesskap over grenser ofte heng i ein tynn tråd.

Kva har Jesus og hans fred med våre liv og val å gjere? Jesus valde Guds veg for sitt liv. Den vegen var slett ikkje berre god og lett. Den handla om kamp og liding. Men han gjorde det for alle oss som ikkje klarer å leve heilt på Gud og det gode si side. Han vann fred og håp for oss då han gav livet sitt.

Med sin fred set Jesus oss fri frå skuld og den vonde si makt. Jesus gir oss ein ny start. «Du skal få en dag i morra som ren og ubrukt står, med blanke ark og fargestefter til». Ein biskop frå oldkyrkja, Augustin har sagt: «Gud, du har skapt oss til deg, og hjarte er uroleg til dess det finn kvile i deg». Våre urolege hjarte ber i seg ein lengsel etter fellesskap med vår evige Skapar og Far.

«Det gode i livet må veljast, det er berre det dårlege som kjem av seg sjølv». Gode val for livet og kvardagen i eitt nytt år startar med å søkje Jesus og ta imot hans kjærleik og fred. Då finn eg heim til meg sjølv og min Skapar. Det set meg også fri til å velje det gode til beste for medmenneske.

Godt nytt år med Jesu fred!

Bøn for dagen: Evige Gud, du held tida i di hand. Vi bed deg: Ver hos oss når året vender. Gje oss framtid og håp, så vi kan leva og døy i tillit til Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.