Han er Frelsar min!

Julaftan
Andakt av Bård Hauge

Dagens tekst (Luk 2,1-20): 1 I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.2 Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. 3 Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
 4 Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt 5 og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. 6 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, 7 og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
 8 Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. 9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
 14 «Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!»
15 Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.»16 Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.17 Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18 Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. 19 Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. 20 Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

 

Han er Frelsar min!

Juleevangeliet er bodskapen om at menneskeætta sin frelsar er komen til vår jord som eit menneskebarn. Det var dette engelen forkynte til gjetarane på Betlehemsmarka julenatt: «I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren». Denne frelsaren var lova Israelsfolket frå gamal tid gjennom profetane i Det gamle testamentet. Han hadde mange namn, mellom andre Messias, Herrens tenar og Fredsfyrsten. Messias-namnet la vekt på hans status som konge av Davids ætt. Han skulle vera frelsarkongen som skulle gi folket fridom. Jødane levde i sterk forventning til hans kome. Difor jubla både himmelens englar og gjetarane på marka då han kom. Også representantar for heidningfolka, dei som ikkje var jødar, tilbad han, slik me ser i forteljinga om dei vise menn frå austerland. Han kom som ein frelsar for alle folkeslag, for heile menneskeætta. Difor kan også du og eg her oppe i nord gleda oss over hans kome.

Det var ikkje berre profetane som hadde varsla hans fødsel. Medan han enno var i mors liv, kom det englar både til mor hans, Maria, og far hans, Josef, og forkynte kven han var. Til Josef sa engelen: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira» (Matt 1,20-21). Så var det syndene han skulle frelsa folket sitt frå. Det var nok eit anna oppdrag enn jødane hadde forventa at han skulle ha. Og samstundes understrekar det at oppdraget hans var universelt: Han skulle frelsa folket sitt, heile menneskeætta, frå synda og synda sine konsekvensar.

Kven har bruk for ein slik frelsar? Det har du og eg, som begge står som syndarar for Gud slik me er i oss sjølve. Då er det godt å vita at Jesus fullførte det oppdraget han var komen for å gjera. Då han døydde på krossen var det til soning for all verdas synd, – for dine og mine synder. Då han stod opp frå grava, fekk me Guds garanti for at frelsa var i orden. Slik går det ei rett linje frå jula til påskehøgtida.

Det er godt å få syngja dei gode, gamle julesongane i jula. I år gled eg meg særleg til å syngja denne: «Eg synger jolekvad, eg er så glad, så glad! Eg ser min Jesus kvila som barn i ringe kår, på moderfanget smila som soli varm og klår. Han er Frelsar min, han er Frelsar min!»

Bøn for dagen: Kjære Gud, du sende englane dine til Betlehemsmarkene julenatt. Vi bed deg: Lys for oss i mørkret og lat oss som gjetarane finna vegen til frelsaren vår, Jesus Kristus, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.