Jesus kjem

2. søndag i adventstida
Andakt av Michal Møgster

Dagens tekst (Lukas 21,27-36): 27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.» 29 Så fortalde han dei ei likning: «Sjå på fikentreet og alle andre tre! 30 Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. 31 Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender. 32 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 34 Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk 35 som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. 36 Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»

 

Jesus kjem

At han kom, veit vi. Kristen julefeiring har jo det som sitt utgangspunkt. Men at han skal komme igjen for andre gong, er også med i den førebuingstida som adventstida eigentleg skal vere. Det at Han ein gong skal komme igjen, denne gongen synleg og erfarbar for alle sansar, kan nok bli noko utviska for oss. Som ein sa eingong: «Eg ser ikkje fram til at Jesus skal komme igjen, for eg har det så bra».

Til deg som tenkjer slik, så har du svært mykje å takke for. Begynn med det – og tenk så vidare utover på menneske sin situasjon og kår både fjernt og nært. Forhåpentlig vis vil du då tenke annleis rundt dette.

Dei første som las dette hadde den totale øydelegginga av Jerusalem i år 70 e.Kr, og dei påfølgjande massakrane, i friskt minne. For dei var desse kosmiske teikna reelle og dei såg i desse orda håpet om at den verda Jesus representerte skulle bryte inn i og med hans komme.

Han som var før vår verd vart til, han som kom som eit nyfødt barn inn i vår verd, og Han som alltid blir den som er, når alt anna som er, ikkje lenger er. Han som er frå Gud og av Gud. Han som levde på vår jord som eit sant menneske og døde for våre synders skyld. Han stod opp i frå dei døde. No er Han hos Gud for at Han kan vere nærværande alle stadar der menneske samlast i hans namn. Han skal ein gong på tidslina komme igjen. Då på ein måte som er slik at ingen skal vere i tvil.

Bibelen peikar på ting som skal komme. Mange og sterke bilde blir brukt. Det er lett å lene seg til desse føreseiingane og ta dei noko for konkrete. Dermed så overser ein ganske ettertrykkeleg at dei i sin rikdom sprengjer våre førestellingsevner. Det som kjem oss i møte, er så ufatteleg stort at tanken og førestellingsevna ikkje kan gripe det. Det å tenke framover på dette, er å la tankane ligge og gje seg over til det som er langt, langt meir enn det umiddelbart meiningsfylte. Spørsmålet – og derigjennom haldninga – er det å vere åpen for Guds framtid. Det viktigaste, når alt kjem til alt, er å forhalde seg til Han, Han som kjem, Jesus Kristus, der vi er, kvar vi no enn er.

Bøn for dagen: Trufaste Gud, du har lova at du aldri vil svikta oss. Vi bed deg: Styrk oss i trua på dine lovnader, så vi kan leva og døy i vona om ein ny himmel og ei ny jord, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.