Bot

Bots og bønedag
Andakt av Øystein Skauge

Dagens tekst (Lukas 13,22-30): 22 Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.
 23 Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei:24 «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25 Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26 Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27 Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28 Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29 Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30 Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»

 

Bot

«Når vår Herre og mester Jesus Kristus sier: «Gjør bot osv.», så vil han at de troendes hele liv skal være en bot.» Slik lyder Martin Luthers første av i alt 95 teser frå reformasjonsåret 1517, omsett til bokmål.

Det er på grunn av det som hende vidare som ei følgje av at Luther spikra desse tesene til kyrkjedøra i Wittenberg, at alle lutherske kyrkjer har hatt den storstilt minnemarkeringa for reformasjonen gjennom kalenderåret vi no er inne i, 500 år seinare.

Reformasjonen starta med eit kall til bot. 500 år deretter er vi komne til den årlege Bots- og bønedagen i vårt kyrkjeår. Det handlar framleis om bot. Om det vi kan lese nærare i vår kyrkje sine vedkjenningsskrifter, Den Augsburgske vedkjenninga (CA), artikkel 12, der det heiter om bota: « – bota er eigentleg samansett av desse to stykka: Det eine er angeren eller den redsla som vert jaga inn i samvitet når synda vert kjend, det andre er trua, som vert avla ved evangeliet eller avløysinga, og som lit på at syndene vert tilgjevne for Kristi skuld,…»

Med dette som ein dirrande undertone skal vi samle oss til gudstenste på Bots- og bønedagen. Der vil det kome fram kor viktig bota er. At heile livet er ei bot, og at konsekvensane av ikkje å gjere bot kan verte at ei dør til slutt vert for trong og at ein lås til slutt vert uråd å opne.

Bibelteksten vi les, er altså om kampen i døropninga; kampen om å kome inn der Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike er å finne i lag med vår Herre. Det er ikkje sjølvsagt at alle kjem inn. Det vert sett fokus på om det er gjort urett mot andre eller ikkje. Ofte brukar vi rett og slett ordet synd om alt slikt. I møtet med dette, handlar det om å gjere bot, altså først om anger over synda, og dinest om trua på evangeliet om at synder vert forlatne for Jesu skuld.

Bots- og bønedagen er ein av dei mest særmerka gjennom heile det kyrkjelege året. Denne gongen skulle vi gå den i møte med refleksjonar om både bot og betring i bakhovudet. Reformatoren si innsiktsfulle vegleiing er ein fin stad å starte når vi går inn i ei ny helg.

Bøn for dagen: Nådige Gud, du har skapt oss i ditt bilete og formar oss på nytt med di skaparhand. Vi bed deg: Tilgje oss syndene våre og forny ditt bilete i oss så vi vender om til deg og lever etter din gode vilje, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.