Oppstode som skapte oppstand

17. søndag i treeiningstida
Andakt av Harald Gjøsæter

Dagens tekst (Joh 11,17-46): 17 Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava.18 Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadiar om lag, 19 og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren. 20 Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime. 21 Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. 22 Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.» 23 «Bror din skal stå opp att», seier Jesus. 24 «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta. 25 Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. 26 Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» 27 «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»
 28 Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.» 29 Då Maria høyrde det, reiste ho seg straks og gjekk ut til han. 30 Jesus var endå ikkje komen inn i landsbyen; han var framleis der Marta hadde møtt han. 31 Dei jødane som var heime hos Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei følgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.
 32 Som no Maria kom dit Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døydd.» 33 Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som følgde henne, vart han oppskaka og opprørt i sitt indre, 34 og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre», svara dei.35 Jesus gret. 36 Då sa jødane: «Sjå kor glad han var i han.» 37 Men somme av dei sa: «Han som opna auga på ein som var blind, kunne ikkje han ha hindra at denne mannen døydde?» 38 Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga. 39 «Ta bort steinen!» seier Jesus. «Herre», seier Marta, syster til den døde, «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.»40 Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?» 41 Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. 42 Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.» 43 Då han hadde sagt det, ropa han høgt: «Lasarus, kom ut!» 44 Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!» 45 Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. 46 Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort.

 

Oppstode som skapte oppstand

I ein liten by budde ein familie, som Jesus og følgjet hans hadde god kontakt med; vi høyrer om to systrer, Marta og Maria, og ein bror, Lasarus. No var Lasarus vorten sjuk, og han døydde  medan Jesus var på veg dit. Systrene lasta Jesus for ikkje å ha skunda meir på, så han kunne ha nådd fram før Lasarus døydde, for dei var trygge på at då hadde ikkje dette skjedd.

Vi les i Johannesevangeliet: Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg». «Bror din skal stå opp att», seier Jesus. «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta. Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda».

Marta visste at Jesus kunne gjera undergjerningar,  men at han kunne vekkja opp att døde var meir enn ho kunne fatta. At alle skulle stå opp på «den siste dagen» hadde ho fått med seg frå Jesus si undervisning, og slik var det naturleg for henne å tolka Jesus sine ord om oppstoda, også denne gongen. Og kva var det han meinte, då han sa at «den som trur på meg skal leva om han så døyr»? Det vart for mykje for den sørgjande kvinna. Men kanskje anar vi, gjennom tvil og tårer, eit gløtt av tru og håp når Marta seier «men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg».

Jesus var neppe avhengig av kva Marta trudde eller ikkje trudde. Han gjekk ut til grava, bad til Gud, og ropa så Lasarus fram frå grava. Det vakte oppsikt, ja oppstand; dette var dråpen som fekk begeret til å flyta over for makteliten. Frå denne dagen la dei planar om å ta livet av Jesus. Ein mann med makt over døden var for farleg, for utfordrande, han kunne føra til omvelting i menneskesinnet og i samfunnet.

Som vi veit lukkast det å ta livet av Jesus, men ikkje å rydda han or vegen, for denne mannen skapte langt meir omvelting etter sin død enn medan han levde på jorda. Han lever i dag, og seier til meg og deg: «Den som trur på meg skal leva om han så døyr» Og han legg til: «Trur du det?»

Bøn for dagen: Evige Gud, vår skapar, du reiste Jesus opp frå grava. Vi bed deg: Gje kyrkja kraft til å tala livsens ord i dødens verd, så alle kan setja si von til han som er oppstoda og livet, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.