Jesus mellom grøftene

10. søndag i treenighetstiden
Andakt av Karl Johan Hallaråker

Dagens tekst (Luk 5,27-32): 27 Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» 28 Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus. 29 Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei. 30 Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» 31 Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. 32 Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»   

 

Jesus mellom grøftene

Vegen har to grøfter. Metaforen kan brukast i møte med bibelteksta for komande søndag.

Tenk Jesus deler fellesskap med tollarar og syndarar! Tollarane på den tida blei skulda for å gå okkupasjonsmakta sitt ærend. Dei var uærlege, griske og smarte til å utnytta folk. Tenk at Jesus deler fellesskap med  slike glupske menneske. Her er den første grøfta: Han burde jo vita betre og halda seg for god til slikt. Denne grøfta var godt befolka av farisearar og skriftlærde på Jesu tid. Ofte kom han i klinsj med desse når deira religiøse moral kjende seg krenka. Spørsmålet er om farisearane og dei skriftlærde har kollegaer og søsken i vår tid – like inn i kyrkje og bedehus?

Den andre grøfta? Du skal få døme frå vår tid. Jesus aksepterer oss slik vi er, og slik vi lever våre liv. Vi treng ikkje søkja kristent fellesskap og kyrkje – slike stader er jo helst samlingsplass for hyklarar og «veldig» kristne. Jesus er grei han. Jesus åt og drakk med syndarar. 

Teksta frå evangelisten Lukas fortel at begge posisjonane er grøfter. Dei representerer ikkje bibelsk kristendom og Jesu klare vilje for våre liv. 

Her er Jesus seier evangelisten: Han vil dela fellesskap med alle som søkjer han. Han snur ikkje ryggen til nokon som livet har gått i stykker for. Jesus er venn med ekte syndarar. Han gjev ikkje opp den mest forkomne. Jesus vil ha alle, også deg og meg. Det var slike han kom for å berga – slike som ikkje greier seg sjølve i møte med den heilage Gud. 

Jesus kom ikkje for å bekrefta vårt syndeliv. Les gjerne siste setning ein gong til slik det står  i søndagsteksta: «Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending». Eg trur faktisk du forstår poenget hans. Sagt med våre ord: Jesus kom ikkje for å tilfredstilla vår egoisme og syndige lyster. Jesus kom for å kalla oss til nytt liv – til å leva vårt liv saman med Han i teneste for våre medmenneske. 

Kong David som vi denne søndagen møter i Salme 32, opplevde Jesu «veg». Gud søkte han i hans syndeliv, slo ikkje handa av han, men kalla han til oppgjer. David fekk vedkjenna si synd og skam for Gud, så fekk han oppleva: Gud reiste han opp – tok bort hans syndeskuld! 

Du er døypt og kalla til i tru å leva dette nye livet – følgja Jesus på vegen. Velkommen til den kristne forsamlinga på søndag – her får du vedkjenna (=seia sanninga om) di syndeskuld, og di tru på syndarvennen Jesus. Her får du Guds kraft i Ord og sakrament til å følgja Han på livsvegen! God helg!  

Bøn for dagen: Nådige Gud, du kallar oss til omvending. Vi bed deg: Ta bort vår skuld, og lær oss å tilgje kvarandre. Fri oss frå å vera hjartelause og harde, så vi dagleg opnar oss for kjærleiken din i Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.