To slags skattesamlarar

8. søndag i treeiningstida
Andakt av Åge Sætre

Dagens tekst (Matt 6,19-24): 19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera. 22 Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys.23 Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då! 24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

 

To slags skattesamlarar

Det er ikkje ein snill Jesus vi møter her. Det gjeld forholdet vårt  til eigedom og pengar. Ofte kan det merkast at han talar om dette emnet med ein sterk og dramatisk undertone. Her er det tydeleg at han ser ein stor fare for dei fleste menneske. Eit trugsmål mot eit godt liv og eit trygt forhold til Gud. Det handlar om at Mammon gjerne tek den plassen både Gud og nesten fortener. Det er aldri ting som skal telje mest i et menneskeliv, då blir sjela vår forkrøpla.

For tida har vi gjort store investeringar heime, nokolunde med måte, reknar eg med. Men det har likevel opptatt meg så mykje, at eg fekk eit lite støkk då eg las følgjande bibelord (Ordtaka 21,13): «Den som stengjer sitt øyre når den fattige skrik, skal sjølv ropa utan å få svar». Vi hugsar kanskje frå såmannslikninga (Matt 13,1ff) om såkornet som etter kvart blei kvalt av tornekratt (= rikdom).

Jesus begynner med å seie at vi ikkje skal samle skattar på jorda, men i himmelen. Det har sjølvsagt med grunnrelasjonen vår å gjere, forholdet til Gud. Utan han er vi tomme for den rikdomen som alltid varer. Vi kan sjå at det å samle skattar i himmelen også er sett saman med å gi til dei fattige. Forklaringa får vi ( Ordtaka 19,17): «Den som hjelper den fattige, låner til Herren, som vil løna han for det han har gjort». Mao er det noko «himmelsk» å gje til dei som treng det, gjere noko. Og sjølvsagt høyrer også arbeidet med å gje evangeliet vidare, med i dette.

Jesus fortel vidare om at dette emnet prøvar kor vi har hjarta vårt, om korleis synet på livet kan bli innsnevra og forkrøpla. Til slutt slår han fast at det er eit anten – eller mellom Gud og Mammon.

Går vi inn i oss og undersøkjer korleis det er med oss, kan vi bli skremt. Eg måtte gå til han som Gud sende for å sone vår synd (som haldning og) og skuld. Han tek imot oss og let oss begynne på nytt «med blanke ark og farjestifter tel.» Så får kontoen vår vidare vere så stor eller liten som vi tåler.

Bøn for dagen: Audmjuke Herre, du som valde fattigdom og fornedring, vi bed deg: La oss ikkje søke verda sin rikdom og glans så vi misser oss sjølve, men heller deler med andre av det vi har og finn livet sin store verdi i din kjærleik og nåde, i Jesus Kristus, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve til æve. Amen.