Kom, for alt er ferdig! 

3. søndag i treeiningstida
Andakt av Harald Forland

Dagens tekst (Lukas 14,15-24): 15 Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike.» 16 Men Jesus sa til han:
«Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange.
17 Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: ‘Kom, for no er alt ferdig!’ 18 Men dei kom med orsakingar, alle som ein. Den eine sa: ‘Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du må gjera vel og orsaka meg.’ 19 Ein annan sa: ‘Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av stad og prøva dei. Du må gjera vel og orsaka meg.’ 20 Endå ein annan sa: ‘Eg har gift meg, difor kan eg ikkje koma.’21 Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husherren sint og sa til han: ‘Gå straks ut på gater og torg i byen og hent inn fattige og uføre, blinde og lamme.’22 Tenaren kom att og sa: ‘Herre, eg har gjort som du sa, men det er enno rom.’ 23 Då sa herren til tenaren: ‘Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt blir fullt.
24 For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltidet mitt.’»

 

Kom, for alt er ferdig! 

Kom, for alt er ferdig! Ein kort og hjarteleg invitasjon. Jesus samanliknar Guds rike med eit festmåltid. Å kome til Gud liknar på invitasjonen til eit stort og flott gjestebod. Som prest seier eg ofte orda: Kom, for alt er gjort ferdig. Slik inviterer vi til nattverd. Flott å få seie dette! Du er invitert til himmelsk gjestebod. I nattverden får vi ein forsmak på den store festen i Guds evige rike. Målet er fellesskapet og festen for Guds ansikt – saman med ein skare så stor at ingen kan telje den. Jesus rydda vekk alle hindringar for fellesskap med Gud då han tok kampen mot synda og den vonde si makt. Til slutt ropa han ut på korset: Det er fullført. No er meldinga til deg og meg: Kom, for alt er ferdig.

Men dei som blei inviterte til gjestebod i likninga, takka nei når det kom til stykke. Dei sa: Du må gjera vel og orsaka meg. Noko anna var viktigare. Vi kan jo prøve å overføre deira tankar på oss.

Ein sa: ‘Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Kanskje vi kunne sagt: Eg har skaffa meg ein ny eigedom, og planlegg å bygge hytte. No studerer eg brosjyrer og søkjer etter gode løysingar på nettet. Hytta er mitt sommarprosjekt i år. Tid for bøn og fellesskap med Gud får heller stå litt på vent.

Den neste som var invitert sa: ‘Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av stad og prøva dei. Kanskje vi seier: Eg har kjøpt meg nytt køyretøy – bil, motorsykkel, elsykkel, racersykkel, det er nok å velje i. No har eg sommarplanen klar, eg skal ut på tur. Kanskje blir det ikkje så mykje tid til gudstenester denne sommaren.

Det gode kan bli det beste sin fiende, heiter det. Er du klar til å ta eit oppgjer med det i oss som vil setje Gud i andre rekke, det som gjer at bøn og gudsteneste vert valt vekk både søndag og kvardag? Hugs: Det gode i livet må veljast, det er berre det dårlege som kjem av seg sjølv.

I likninga blir tenaren sendt ut på nytt på gater og torg for å hente inn folk. No gjekk invitasjonen til fattige og uføre, blinde og lamme: Kom, for alt er ferdig. Her er enno rom. Nokre mellom oss er fysisk blinde og lamme – eller fattige på pengar, og veit korleis det er å vere avhengig av Gud og andre menneske. Men skal tru om vi ikkje alle har i oss noko som gjer oss lamme, blinde og fattige? Ofte er vi redde for det som gjer oss små og veike, men vårt verd som menneske ligg ikkje i det vi lukkast med og får til, i alt vi kan vise fram for andre og få ros for. Vår verdi ligg så mykje djupare: I det at Gud har skapt oss og møter oss med kjærleik i Jesus Kristus.

Våg å kjenne etter: Kva er det du ikkje kan? Kva gjer deg sårbar og fattig? Kva er det du ikkje ser og skjønar? Kva lammar deg? Då trur eg vi er klare til å lytte når Jesus inviterer: Kom for alt er ferdig. Jesus har gjort alt klart. Kor ferdig eller verdig eg og du føler oss, tel ikkje. Han gjev oss alt som gåve – om vi berre vil ta imot.

Velkomen til gudsteneste på søndag – til ein forsmak av festen og gleda i Guds rike.

 

Bøn for dagen: Evige Gud, all gledes kjelde, du bad oss å gå ut og innby til den store festen din. Vi bed deg: Foréin oss ved nattverdbordet så vi blir styrkte på vegen mot det himmelske gjestebodet, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.