Andakt for pinsedag

soennenPinsedag
Andakt av: Harald Forland

GOD PINSE!

Dagens preiketekst: Johannes 20,19-23

«Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Då han hadde sagt det, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»

Det starta påskedag. Kvinner fann Jesu grav tom og sprang og fortalde det til læresveinane. Men dei var redde og forvirra og hadde stengt seg inne. Ei tom grav er jo ikkje så mykje å tru på, det var Jesus sjølv og fellesskapet med han dei sakna.

Eg trur mange av oss har erfart noko av det same. Tider då vi kjende oss forvirra og forlatt. Jesus vart borte for oss. Kanskje kjenner vi også korleis det er når angst og uro gjer at vi stengjer oss inne og ikkje tør å sleppe andre innpå oss.

Medan alt framleis var mørkt og stengt for læresveinane, stod med eitt Jesus midt i mellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Dei fekk hjelp til å skjøne at det verkeleg var han. Han viste dei merka i hendene og sida si frå då han hang på krossen. Og han anda på dei og sa: Ta imot Den heilage ande. På gresk er forresten Ånd og pust same ordet.

Pinsa opnar dører til nytt fellesskap med den oppstadne. Ved Den heilage ande er Jesus midt i mellom oss når vi samlast i hans namn, om vi er to eller tre, eller mange fleire. Vi kan vere ein redd flokk bak stengde dører eller møtast frimodig med takk og forventing. Uansett erfarer vi at noko skjer når vi ber, syng, høyrer Jesu ord og tek imot nattverd. Han gjev oss sin fred.

Og Jesu fred set oss fri til teneste for andre. Den heilage ande gjev kraft. Eg kan snakke med nokon om situasjonar då Jesus og hans ord vart mi hjelp og gav meg nytt mot. Og når nokon seier:- eg får ikkje til å tru, kan vi saman be Den heilage ande om trua si gåve. For kristen tru blir til som respons og svar på det Jesus gir.

Vi treng alle å vere med i eit fellesskap der Jesus og hans ord står i sentrum. På Askøy samlast vi til fellesgudsteneste 1. pinsedag i Herdla kyrkje. Du er velkommen med tvil og tru, lengsel og håp, angst og uro. Samla i Jesu namn er Den heilage ande verksam for å gje oss det vi treng. God pinse!

 

BØN FOR DAGEN

Heilage ande, vår livgjevar,
vi takkar og prisar deg, du som sende din eld over disiplane pinsedag og ga dei visdom og kraft. Vi ber deg:
Hald trua og kjærleiken brennande blant oss,
så vi frimodig forkynner evangeliet om Jesus Kristus,
han som med deg og Faderen lever og råder,
ein sann Gud frå æve og til æve.
Amen.