Andakt for treeiningssøndag

IMG_3139 

Treeiningssøndag
Andakt av: Åge Sætre

FRÅ EIN TIL TREEINIG
Dagens preiketekst: Matteus 28,16-20

Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

 Dei fire første åra mine budde vi på same stad som bestemor. Eg, som vart døypt i kyrkja eit par km heimefrå, opplevde at særleg ho opna vegen opp for Faderen i sinnet mitt.

Gud  har frå og gjennom skapinga av vist seg for oss som Skaparen og Far til alt som heiter liv. Det er han som gjer at vi anar det er noko over og omkring oss. Eller?

Er vi meir usikre, blir forholdet til Far til ei skjelvande lengt eller kanskje frustrasjon. Trur du ikkje Far er der i det heile, er det ingen andre som kan fylla tomrommet. Det er ikkje nokon annan som kan redda livet frå å vera eit spel der slumpen bestemmer.

Men om Gud finst, kven er han eigentleg? At han må vera stor og sterk, viser det veldige skaparverket hans.  At han ikkje liker det som bryt med dei ti boda, er heilag, har også mange sans for. Men korleis er han elles inni?

Sonen er Guds svar på mange spørsmål. Frå ungdomstida av vart desse svara det store i mitt liv også. Sonen kom ned til oss – ved å verta ein av oss –  for å visa korleis Faderen er inni. Som Far så Son. Han gjekk til angrep på det vonde som hadde infisert  verda. Ikkje minst ved å ta eit ufatteleg oppgjer på seg, på korset. Så ved å bryta igjennom dødens makt i oppstoda. Så igjen ved å vera med oss «alle dagar så lenge verda står», med det han vil og kan gjera for oss. Slik kjem farsheimen ned til oss gjennon Sonen, slik at vi kan finna oss sjølv igjen. I Fars kjærleik og velsigning.

Den Heilage Ande er også svar på eit spørsmål: Kven kan fortelja om Faderen og Sonen med himmelsk autoritet? Slik at det vert eit verkeleg møte.Til det bruker Anden først og framst orda frå den boka han har inspirert. Levandegjer Guds rike for oss. Det Anden gjer har i vaksen alder vore både ei trøyst og stor utfordring i livet mitt.

Ut frå dåpen – «i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande» – i ei landsens kyrkje vart eg døypt til evig fellesskap med ein Gud som er eit evig fellesskap. Lev i dåpen og i den famnen som grip både om tida og held fast i det evige!

BØN FOR DAGEN Herre Gud, himmelske Far, du som har gjeve oss Son din for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Vi ber deg: Send oss din Heilage Ande, så ordet om Jesus kan bli levande i hjarto våre og vi kan eiga den tru som frelser oss i domen og gjer oss evig salige. Gje oss å vera vitne om dette i våre liv. Amen.